Gå direkte til innhold
 

Forskingsrådets organisasjon

Forskingsrådet er inndelt i fem divisjonar: Vitskap; Samfunn og helse; Energi, ressursar og miljø; Innovasjon, og Administrasjon. Administrerande direktør er Arvid Hallén.


Organisasjonskart




Dei fem organisastoriske einingane har til saman rundt 400 tilsette.

Staben til administrerande direktør har koordineringsansvar for budsjett, årsrapportering, statistikk, strategisk arbeid, internasjonalt samarbeid og mediekontakt. 

Internasjonal stab

Internasjonalt kontor (D-INT) er administrerande direktør sin stabsfunksjon for internasjonale saker og skal sikre at Forskingsrådet til kvar tid har eit velinformert og fastsett strategisk grunnlag for si samla internasjonale verksemd.

Hovudstyret

Forskingsrådets øvste organ er Hovudstyret, som har ni faste medlemmer og to varamedlemmer. Hovudstyret blir oppnemnt av Kongen i statsråd.

Fire av medlemmene har også ein funksjon som leiarar av kvar sitt divisjonsstyre. Dei andre medlemmene i divisjonsstyra blir oppnemnde av Hovudstyret.

Programstyre

Alle forskingsprogramma i Rådet har eigne styre. Om lag 800 representantar for forskings- og utdanningsinstitusjonar, næringsliv, organisasjonar og offentleg forvaltning har styre- eller komitéverv i Forskingsrådet.

Publisert:
 02.07.2007
Sist oppdatert:
15.03.2012

Last ned

Tips en venn

Din venns e-post:
Kommentar:

Din e-post:

Ditt navn:

Sikkerhetssjekk
Captchabilde