I dag kjem innstillinga frå utvalet som har som har stått for utgreiing av samfunnet si sårbarheit for endringar i klimaet, og kva som skal til for å tilpasse seg konsekvensane. Utvalet kjem med mange konkrete framlegg til forskingstema, men utgreiinga er ikkje heildekkande.
- Denne utgreiinga er ei stadfesting av Klima 21-strategien. NOUen underbygger på ein tydeleg måte dei forskingsbehova og det behovet for finansiering av klimaforskning som denne strategien legg opp til, seier administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet.
Han peikar på at forsking som stør opp om samfunnsplanlegging, og særleg forsking på risiko og samfunnssikring, også har vore underfinansiert dei seinare åra.
Flæte-utvalet har levert ei stor utgreiing, med mykje vekt på forsking.
“Tilpassing til eit klima i endring” (NOU 2010:10) er på nesten 240 sider og tek for seg samfunnsutfordringane i full breidde.
I innleiinga slår utvalet fast at uansett kor godt vi lukkast med å redusere utslepp av klimagassar, vil temperaturen på jorda stige gjennom det 21. hundreåret. Det vil få konsekvensar.
Sjølv om klimaet alltid har vore i endring og har endra samfunn tidlegare, er me ukjende med tempoet i og omfanget av dei venta klimaendring me no ser konturane av.
Samstundes er Noreg betre rusta og mindre utsett enn dei fleste andre land.
Klimatilpassing handlar om å erkjenne at klimaet er i endring, prøve å forstå korleis endringane kan påverke samfunnet og gjere val som reduserer dei negative sidene av påverknaden, men som òg utnyttar dei positive.
Utvalet, leia av fylkesmann Oddvar Flæte, peikar på at kunnskapen om kor raskt og kor mykje klimaet vil endre seg, ikkje er fullstendig eller sikker, men meiner likevel at me veit nok til at tilpassingsarbeidet må setjast i gong no.
Utvalet legg til grunn tre klimaframskrivingar for Noreg. Samla dannar klimaframskrivingane eit risikobilete for moglege konsekvensar i dette hundreåret:
• Årleg middeltemperatur for Noreg er berekna å stige mellom 2,3 og 4,6 grader, med størst auke om vinteren og i Nord-Noreg og minst om sommaren og på Vestlandet.
• Årsnedbøren kan ventast å auke mellom 5 og 30 prosent fram mot 2100, men det er stor variasjon mellom årstider og regionar. Det er òg venta fleire dagar med store nedbørsmengder.
• Havtemperaturen vil auke langs heile norskekysten og i Nordsjøen.
• Forsuringa av havet vil auke, slik at pH-verdien kan bli redusert med 0,5 einingar.
• Fram mot 2100 kan havnivået langs norskekysten stige mellom 50–100 cm langs kysten av
• Sør- og Vestlandet, 40–90 cm i Nord-Noreg og 20–70 cm inst i Oslo- og Trondheimsfjorden.
Utvalet tilrår at ein vurderer moglege konsekvensar og tiltak med utgangspunkt i den eller dei framskrivingane som inneber størst utfordringar for dei ulike sektorane. Dei legg dermed til grunn at temperaturen vil stige noko meir enn 2 grader, som er det politiske målet.
• Ei heilskapleg tilnærming til klimatilpassing. Det må takast særlege omsyn i nordområda.
• Forvaltning av naturmiljøet må leggje til grunn ei økosystembasert tilnærming. Fokus på å ta vare på funksjonelle økosystem kan medverke til å redusere sårbarheita og halde ved lag eller auke den naturlege tilpassingskapasiteten.
• Klimatilpassing må integrerast i den ordinære samfunnsplanlegginga. Eit styrkt plansystem, som tek høgde for klimaendringar, er det viktigaste grepet samfunnet kan gjere for å tilpasse seg eit klima i endring.
Etter utvalet si vurdering er det behov for å prioritere forsking på klimasystemet, konsekvensar og tilpassing i stor breidd.
Behovet for eit jamleg oppdatert kunnskapsgrunnlag under stabile vilkår tilseier at det ikkje er tilstrekkeleg med løyvingar gjennom forskingsprogram og -prosjekt som har kort tidshorisont. Utvalet sluttar seg difor til Klima21 sine forslag om etablering av store langsiktige forskingsprogram på klimasystemet, konsekvensar og tilpassing.
Utvalet har identifisert forskingstema som bør prioriterast. Kunnskapsgrunnlaget må styrkjast både gjennom kartlegging, overvaking og forsking. Særleg peikar dei på behovet for vedlikehald og utvikling av datagrunnlag i form av lange tidsseriar.
- Det er svært gledeleg at utvalet legg så stor vekt på forsking, seier Arvid Hallén.
Utvalet tilrår at forskinga på klimaendringar, klimaeffektar og tilpassing blir styrkt, ved auka finansiering av eksisterande forskingsprogram, eller ved at det, om det skulle vere naudsynt, blir oppretta nye program.
Heilt konkret gjer utvalet framlegg om å etablere eit eige strategisk forskingsprogram i Noregs forskingsråd for byggjenæringa, med hovudvekt på konsekvensar av klimaendringane. Eksisterande program for overvaking må òg styrkjast, og nye program må utviklast, særleg knytte til naturmiljø og naturfare. Utvalet tilrår òg at overvakinga av vind og korttidsnedbør blir styrkt.
Det er lagd stor vekt på kunnskapsformidling til forvaltninga og næringslivet. Utvalet peikar på at er behov for tilrettelegging av måledata i form av brukarvennleg verktøy slik som tabellar, kurver og nettbaserte oppslagsverktøy.
Vidare er det eit stort behov for nedskalerte og tilrettelagde klimaframskrivingar. Data frå overvaking, kartlegging og klimamodellar gjev ikkje nødvendigvis tilstrekkeleg informasjon til brukarar av data innanfor sektorar og tekniske miljø som ikkje har meteorologisk og hydrologisk kompetanse.
Dei siste vekene har det vore mykje fokus på at klimaforskinga ikkje har fått den veksten som vart lova i Klimaforliket.
- For Forskingsrådet står det høgt på agendaen å få til ei styrking av klimaforskinga – både forsking på klimasystem, konsekvensar og tilpassing. Vi har også eit stort EU-støtta prosjekt for å få etablert eit betre integrert system for overvaking på Svalbard, seier Arvid Hallén.
Han peikar på at Flæte-utvalet har lagt lite vekt på samfunnsfagleg forskning som kunne seie oss noko om korleis tilpasningane kan iverksetjast.
- Utvalet tilrår mange tiltak - som databasar, kunnskapsenter, kartverk og overvaking – og alt dette er naudsynt som grunnlag for god planlegging. Samfunnsvitskapleg forsking kan svare kva det er som gjer at vi likevel ikkje omset kunnskap i handling. Korleis skal tilpasningar styrast og finansierast? Og korleis skal samfunnet fordele kostnadane mellom dei som er mest utsette, og må gjere tilpasningar, og dei som slepp lett unna?
Hallén peikar på at utgreiinga legg mykje vekt på dei direkte konsekvensane.
- Å sjå isolert på dei nasjonale konsekvensane er litt for smalt, ettersom økonomien vår er så sterkt integrert i en globale økonomien. Eg vil spørje om ikkje utvalet legg for lite vekt på dei indirekte konsekvensane av store klimaendringar på andre og langt meir sårbare stader på kloden. Vi treng mykje meir kunnskap om kva dei globale endringane vil få å seie, sosial, økonomisk og samfunnsmessig, meinar han.