Gå direkte til innhold
 

Forsking og innovasjon sentralt:

Ny økonomisk strategi i EU for de neste ti årene

Kunnskap, innovasjon og utdanning er sentrale verktøy når Europa skal få økonomien på fote igjen.

Europakommisjonen lanserte første veka i mars ein ny økonomisk strategi for dei neste ti åra. Hovudutfordringane er å skape vekst og arbeidsplassar i eit framleis kriseramma Europa. Og målet i denne oppfølgjaren til Lisboastrategien er at veksten skal vere smart, berekraftig og inkluderande.

José Manuel Barroso José Manuel Barroso (Foto: Europakommisjonen) – Vi må byggje ein ny økonomisk modell basert på kunnskap, låg-karbonøkonomi og høg sysselsetjing, seier president Barroso i ei pressemelding frå Europakommisjonen.

Klima, energi, mat, helse

Eit av dei viktigaste initiativa frå Kommisjonen vil vere å bruke forsking og innovasjon for å møte dei store utfordringar Europa har og får -innanfor område som klima, energi, sikring av mattilgang og helsetilbod til ei aldrande befolkning.

Det blir vesentleg å leggje til rette for meir og betre innovasjon, slik at forskingsresultat kan komme til nytte for næringslivet og industrien. Dessutan må europeiske patentreglar bli meir industrivennlege.

Eit anna viktig verkemiddel er å leggje til rette for at europearar lettare skal kunne søkje jobb i andre europeiske land. Dessutan skal alle europearar ha tilgang til breiband innan 2013.

Berekraftig og inkluderande vekst

Europakommisjonen legg også vekt på ressurseffektivisering og satsing på grøn energi. I tillegg til at dette er framtidsretta klimaomsyn, vil EU spare 60 milliardar Euro innan 2020 på planlagt minska olje- og gassimport. I tillegg skal det satsast på grøn teknologi for å skape nye framtidretta arbeidsplassar. Arbeidsmarknaden må også moderniserast og tilpassast eldrebølgja.

Det siste initiativet i den økonomiske strategien er ei europeisk plattform mot fattigdom, som skal sikre økonomisk, sosial og geografisk utjamning av skilnader. Levestandarden skal hevast i svakstilte land.

Fornyar treprosentsmålet

For å følgje og styrkje den økonomiske utviklinga, og for at EU-landa skal lære av kvarandre, må landa rapportere til Kommisjonen på følgjande minstemål:

  • 75 prosent av befolkninga mellom 20 og 64 år skal vere i arbeid 
  • Tre prosent av BNP i medlemslanda skal investerast i forsking og utvikling
  • 20/20/20-klima og energimåla skal møtast
  • Minst 40 prosent av den yngre generasjonen skal fullføre høgre utdanning. Mindre enn 10 prosent skal droppe ut før fullført skulegang.
  • 20 millionar færre skal vere fattigdomsutsette.

 

Den økonomiske strategien skal resultere i høgre sysselsetjing i Europa. Den økonomiske strategien skal resultere i høgre sysselsetjing i Europa. (Foto: Shutterstock)

Skrevet av:
Ingebjørg Aadland Rådgiver iaa@forskningsradet.no
Publisert:
 05.03.2010
Sist oppdatert:
22.03.2010

Andre nettsider

Tips en venn

Din e-post:
Ditt navn:

Din venns e-post:
Kommentar:
Sikkerhetssjekk
Captchabilde