VRI Hordaland:
Med leppefisk i tankane
Krava til vasskvalitet og dyrevelferd er strenge for dei som transporterar fisk i lukka kar. I Hordaland har dei gitt seg forskinga i vold for å sikre at fisken kjem vel fram.
Firmaet Jarle Tveiten Transport driv med landevegstransport av levande fisk. Dagleg leiar Jarle Tveiten har vore i bransjen sidan 1987.
- Dei siste åra har og transport av leppefisk vorte eit viktig satsingsområde. Leppefisken vert meir og meir brukt for å halde nede bestanden av lakselus, seier Tveiten.
Forsking og dokumentasjon
Gjennom VRI Hordaland fekk firmaet støtte til eit samarbeid med Uni Research som gjennomførte prøvetaking, testing, måling og dokumentasjon av resultata av vasskvaliteten.
- VRI-midlar på kr. 70.000 er kanskje ikkje all verden når vi har brukt eit sjusifra beløp på utviklingsarbeidet, men CO2-prosjektet har gitt oss ny og heilt naudsynt kompetanse på eit område som er svært viktig for oss, seier Tveiten.
Les meir på VRI Hordaland sin nettstad: Med leppefisk i tankane
Leppefisken blir også kalt berggylte
- Publisert:
- 19.04.2012
- Sist oppdatert:
- 19.04.2012