Gå direkte til innhold
 

Forskingsrådet styrker sentrale profesjonsutdanningar

Forskingsrådet vil styrke forskingskompetansen i helse- og sosialfagutdanninga, i grunnskolelærarutdanninga, i ingeniørutdanninga og i økonomisk- administrativ utdanning. Vi lyser i første runde ut inntil 165 millionar kroner. Søknadsfristen er 26. april.

Her kan du gå rett til sjølve utlysinga.

– Vi ønskjer å styrke kompetansen i profesjonsutdanningar som har stor betydning for velferdssamfunnet. Høg kompetanse er avgjerande for kvaliteten i høgre utdanning, og for den framtidige yrkesutøvinga til studentane, seier divisjonsdirektør Anders Hanneborg i Forskingsrådet.

– For å styrke kvaliteten på forskinga, vil det for mange fag og utdanningar vere nødvendig med større grad av nasjonal arbeidsdeling og konsentrasjon av ressursane enn i dag.

Gjennom strategisk forankra forskingsprosjekt av høg kvalitet, skal satsinga styrke kunnskapsgrunnlaget for utdanning og for profesjonsutøving, seier Hanneborg.

– I tillegg vil slike prosjekt kunne styrke forskingskompetansen hos dei som utdannar framtidige profesjonsutøvarar. Vi er også opptekne av at prosjekta som får midlar frå denne satsinga skal vere i tråd med dei strategiske prioriteringane hos institusjonane.

Samfinansiering med FINNUT og HELSEVEL

Satsinga har fått namnet Forskingskompetanse i utvalde profesjonsutdanningar (PROFESJON). Den første utlysinga er eit samarbeid mellom den nye satsinga og to andre forskingsrådsprogram: Forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT) og Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL).

– Samfinanisieringa gjer at vi kan gi støtte til langt fleire prosjekt. No kan vi gi støtte til inntil femten prosjekt totalt fordelt på dei fire utdanningsgruppene, seier Hanneborg. 

Prosjekt innanfor følgjande tematiske område vil bli prioriterte:

  • helse- og sosialfagutdanning (55 millionar kroner): sjukepleie, vernepleie, barnevern, sosialt arbeid, fysio- og ergoterapi: vil bli finansierte og vurderte av HELSEVEL
  • grunnskolelærarutdanning (50 millionar kroner): fagdidaktikk: vil bli finansierte og vurderte av FINNUT
  • ingeniørutdanning (30 millionar kroner): maskin, bygg og elektronikk: vil bli finansierte og vurderte av PROFESJON
  • økonomisk-administrative utdanning (30 millionar kroner): finans, revisjon og rekneskap: vil bli finansierte og vurderte av PROFESJON

Søknadane vil bli vurderte av ekspertpanel og/eller individuelle fagekspertar.

Nye prosjekt startar i 2018

Prosjekt som får støtte i denne første utlysinga, skal starte i 2018.

Satsinga PROFESJON er ikkje tidsavgrensa, slik forskingsrådsprogram ofte er, og har eit grunnbudsjett på 39,5 millionar kroner per år. Ho skal støtte opp under måla for norsk forskingspolitikk slik dei mellom anna er formulerte i stortingameldinga Konsentrasjon for kvalitet.

Satsinga vil også vere med på å realisere måla i stortingsmeldinga Kultur for kvalitet i høyere utdanning.

Eventuell medfinansiering frå andre program – slik som i aprilutlysinga av året – vil bli annonsert i den enkelte utlysninga.

Relevante utdanningar og institusjonar har vore aktivt med i diskusjonen rundt, og utforminga av, den nye satsinga.

Skrevet av:
Therese Farstad Rådgiver +47 412 97 320 tf@forskningsradet.no
Publisert:
02.02.2017
Sist oppdatert:
10.02.2017