Gå direkte til innhold
 

FRIPRO Toppforsk – 500 millionar til fordeling

For fjerde gong lyser Forskingsrådet ut midlar gjennom eit såkalla fellesløft. I år skal 500 millionar kroner fordelast til nye FRIPRO Toppforsk-prosjekt.

FRIPRO Toppforsk er retta mot forskingsmiljø som har potensial til å bli blant dei internasjonalt leiande. Prosjekta får 15–25 millionar i støtte over fire til fem år. Søknadsfristen er 24. mai, og utlysinga er open for alle godkjente forskingsinstitusjonar (sjå "Definisjon av forskingsinstitusjon" på Forskingsrådets nettsider).

Utlysingstekstene ser du til høgre på denne sida, og frå 7. april kan du opprette ein søknad.

FRIPRO Toppforsk skal bidra til at gode forskarar og sterke forskingsmiljø kan utvikle seg til å bli blant dei internasjonalt leiande innanfor sine fagfelt. I vurderinga av søknadane legg vi difor vekt på om prosjektet, prosjektleiar og prosjektgruppa har eit slikt potensial.

Vi forventar at prosjektleiar har erfaring frå forskingsleiing, rettleiing og internasjonalt forskingssamarbeid.

Trinn to av "Fellesløft III"

Årets utlysing av FRIPRO Toppforsk er andre trinn i "Fellesløft III". I første trinn fekk 46 prosjekt til saman 1 milliard kroner, med prosjektstart i 2016. Trinn to skal fordele 500 millionar kroner til nye Toppforsk-prosjekt med start i 2018. Fellesløftet er eit spleiselag der Forskingsrådet og institusjonane går inn med 250 millionar kroner kvar.

Dei same krava og kriteria vil gjelde denne gongen som ved utlysinga av FRIPRO Toppforsk i 2015.

FRIPRO Toppforsk-søknadane blir behandla i dei same internasjonale ekspertpanela som andre søknadar i FRIPRO. Prosjekta som får finansiering, blir valte ut på to måtar: Universiteta vil sjølv kunne velje blant dei høgaste rangerte prosjekta frå eigen institusjon. Prosjekta frå andre institusjonar vil bli endeleg rangerte av fagkomiteane. På bakgrunn av dette vil institusjonane få tilbod om å delta i spleiselaget. 80 prosent av budsjettet på 500 millionar kroner skal gå til universiteta, og 20 prosent skal gå til andre institusjonar.

Prosjektleiarar for FRIPRO-prosjekt som allereie er i gang kan søke, men ein kan berre vere prosjektleiar på éin søknad til FRIPRO i årets utlysing. Leiarar ved noverande eller tidlegare SFF-ar, dei som har, eller har hatt, eit ERC Advanced grant og dei som er allereie er prosjektleiar for eit FRIPRO Toppforsk-prosjekt, kan ikkje søke om FRIPRO Toppforsk. For å kunne vere prosjektleiar for eit Toppforsk-prosjekt, må det ha gått minst seks år sidan godkjent disputas.

Forventningar til ERC-deltaking

Eit av måla med FRIPRO Toppforsk er å bidra til at fleire norske forskingsmiljø skal kunne hevde seg i konkurransen om midlar frå ERC. FRIPRO Toppforsk er utforma slik at det skal vere mogleg å søke både FRIPRO og ERC utan å måtte gjere store endringar i søknaden.

Det er eit krav at dei som får innvilga FRIPRO Toppforsk-søknaden sin, søker ERC om støtte før dei igjen kan søke om midlar frå FRIPRO.

Søknadsfristen til ERC Advanced grant er 31. august 2017. Dei opnar for søknadar frå og med 16. mai.

Bruk denne e-postadressa dersom du har spørsmål om FRIPRO Toppforsk: fripro@forskningsradet.no  

Skrevet av:
Therese Farstad Rådgiver +47 412 97 320 tf@forskningsradet.no
Publisert:
27.03.2017
Sist oppdatert:
03.04.2017