Avdeling for medisin, naturvitskap og teknologi
Avdelingsdirektør: Hilde Jerkø
Avdelinga skal fremje kvalitet i medisinsk, naturvitskapleg og teknologisk forsking. Open konkurransearena for framifrå forsking (Fri prosjektstøtte/FRIPRO og Yngre framifrå forskarar/YFF) skal medverke til å sikre den nasjonale kunnskapsberedskapen i møtet med utfordringane i framtida for næringsliv og samfunn.
Gjennom den opne konkurransearenaen gir ein finansiering til dei beste forskingsprosjekta og -miljøa innanfor heile spekteret av fagområda i avdelinga. Kvalitet i norsk forsking blir også fremja gjennom fagevalueringar og oppfølging av desse. Formålet med fagevalueringane er å ta ein kritisk gjennomgang av vitskapleg kvalitet, forskingsstrategi og forskingsleiing i norske fagmiljø, for å kunne gi råd til institusjonane, departement og Forskingsrådet.
Avdelinga har vidare ansvar for å leggje til rette for fleirfagleg og tverrfagleg forsking og stimulere til internasjonalt forskingssamarbeid.
- Publisert:
- 06.10.2004
- Sist oppdatert:
- 26.01.2011