Gå direkte til innhold
 

Langtidsplan for forsking

Regjeringa sin Langtidsplan for forsking og høgre utdanning gir langsiktige føringar for kva som skal vera regjeringa sine satsingsområde fram mot 2024, og har sidan han blei vedteken i 2014 hatt talfesta opptrappingsplanar for fleire satsingar.

Dei overordna måla for langtidsplanen er å styrka konkurransekraft og innovasjonsevne, løysa store samfunnsutfordringar og utvikla fagmiljø av framifrå kvalitet.

Dei seks satsingsområda i langtidsplanen er:

  • hav
  • klima, miljø og miljøvennleg energi
  • mogleggjerande teknologiar
  • fornying i offentleg sektor og betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester
  • eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv
  • verdsleiande fagmiljø
Skrevet av:
Therese Farstad Rådgiver +47 412 97 320 tf@forskningsradet.no
Publisert:
20.03.2012
Sist oppdatert:
30.12.2016