Gå direkte til innhold
 

Kven jobbar i Forskingsrådet?

Forskingsrådet har tilsette med tung kompetanse innan sine fagfelt, og dei fleste som arbeider her har arbeidserfaring frå forsking, næringsliv, forvaltning eller administrasjon.

Vi har ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ved tilsetjingar legg vi vekt på likestilling og etnisk mangfald. Dette er ei bevisst satsing for å sikre samansett og variert kompetanse i Noregs forskingsråd. 

Kven søkjer vi?

Vi ønskjer å tilsetje engasjerte og dugande menneske som kan medverke til å utøve Noregs forskingsråds samfunnsoppdrag på best mogleg måte.

Når vi rekrutterer – nyutdanna eller kandidatar med erfaring – er det mange faktorar som spelar inn. Vi har sjølvsagt fokus på fagleg kompetanse, men dine personlege eigenskapar og erfaring er også viktig.

Vi ønskjer helst minimum 3 år høgare utdanning på høgskole- og  universitetsnivå.

Vi har norsk som arbeidsspråk, og det er ein føresetnad at alle våre tilsette meistrar dette muntleg så vel som skriftleg.

Publisert:
 07.04.2009
Sist oppdatert:
07.04.2009

Tips en venn

Din venns e-post:
Kommentar:

Din e-post:

Ditt navn:

Sikkerhetssjekk
Captchabilde