Gå direkte til innhold
 

Kva er ein Møbius?

Eit møbiusband er ein lekam der ein kan "gå" kontinuerleg frå den eine sida til den andre utan å gå over nokon kant. Møbiusbandet er eit fenomen som matematikarane lenge har vore opptekne av. Forskingsrådets skulptur "Møbius" er eit kunstnarleg uttrykk for møbiusbandet. Møbius liggende, 1988, bronse, av bildekunstner Aase Texmon Rygh Møbius liggende, 1988, bronse, av bildekunstner Aase Texmon Rygh

Tenk deg Universet som eit flatt papirband. Ta deretter tak i endane og vri bandet ein halv gong rundt, før du limer saman endane. No vil papirbandet ha ei samanhengande overflate som vender utover og innover på same tid. Byt så ut papirbandet med ein sykkelslange. Det du no må sjå for deg er ein tube- (eller røyr-)forma modell i ein slags fjerde dimensjon - der overflata på slangen vender både innover og utover på same tid.

Astronomane er fascinerte av tanken om at Universet ikkje berre kan ha ein rund og tubeforma fasong, men at denne "sykkelslangen" er vridd i ein fjerde dimensjon. Dersom ein tenkjer seg at dette er mogleg - og matematikarane seier at det ikkje er utenkjeleg - vil astronomar som studerer dei ytre delane av verdsrommet, observere same fenomen via lys som har brukt ulik tid på å nå fram til oss. Eller sagt på ein annan måte: Vi vil på same tid kunne sjå ein og same himmellekam langt ute i verdsrommet på heilt ulike stadium i utviklinga.

Skulpturen "Møbius" er utforma av bilethoggaren Aase Texmon Rygh (se lenke t.h.)

Publisert:
 31.05.2002
Sist oppdatert:
13.05.2008

Andre nettsider

Tips en venn

Din venns e-post:
Kommentar:

Din e-post:

Ditt navn:

Sikkerhetssjekk
Captchabilde