Kunnskapssenteret for utdanning
Konstituert avdelingsdirektør: Sølvi Lillejord
Kunnskapssenter for utdanning blir oppretta våren 2011 etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Senteret skal presentere og summere opp resultat frå norsk og internasjonal utdanningsforsking og formidle desse kunnskapsoversiktene i ein lett tilgjengeleg kunnskapsbase.
Kunnskapssenteret skal identifisere kunnskapshol og gi innspel både til styresmakter, forskingsmiljø og til Forskingsrådet. Det skal òg ha eit brukarråd med representantar for sentrale instansar på feltet.
Senteret skal samarbeide med andre sentrale aktørar, som Utdanningsdirektoratet, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), universitet og høgskular, forskingsinstitutt, nasjonale senter for grunnopplæringa og vitensenter.
- Publisert:
- 07.10.2004
- Sist oppdatert:
- 19.10.2012