Gå direkte til innhold
 

Karriere og kompetanse

I Forskingsrådet legg vi til grunn at kompetanse er samla kunnskap, dugleik, evner og haldningar som gjer det mogleg å utføre aktuelle funksjonar og oppgåver i tråd med definerte krav og mål.

Som kunnskapsorganisasjon er målretta kompetanseutvikling svært viktig. Det inneber mellom anna at det blir lagt til rette for ein kultur for læring gjennom arbeidsoppgåver, føremålstenlege arbeidsformer og samhandling.

Forskingsrådet har utvikla ein eigen kompetansestrategi, som peiker på nokre prioriterte utviklingsområde og tiltak dei neste åra.  

Vi er i ferd med å utvikle ein ”Forskingsrådsskole” for våre medarbeidarar med fokus på mellom anna våre roller, kjerneoppgåver, arbeidsformer og eigenutvikling.

Medarbeidarsamtalar blir gjennomført årleg som eit personalpolitisk verkemiddel. Medarbeidarsamtalen skal medverke til at behovet for personleg utvikling og vekst hos den enkelte medarbeidaren blir integrert med overordna mål og strategiar i organisasjonen.

Publisert:
 07.04.2009
Sist oppdatert:
22.03.2012

Tips en venn

Din venns e-post:
Kommentar:

Din e-post:

Ditt navn:

Sikkerhetssjekk
Captchabilde