Gå direkte til innhold
 

Forskingsrådet i tal

Det samla budsjettet for Forskingsrådet for 2015 er på 8483 millionar kroner. Kunnskapsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet er dei største finansieringskjeldene og står samla bakom over halvparten av Forskingsrådets finansielle midlar.

Oversikt over korleis Forskingsrådet fordeler pengar etter fagområde, institusjonar, sektorar, fylke, verkemiddel, rekrutteringsstillingar og hovudaktivitetar i perioden 2011–2015, sjå " Forskningsrådet i tall 2015" og "Forskningsrådet i tall 2015 – Tabeller og figurer" i høgre kolonne (under Dokumenter).

Etter ein periode med eit noko lågare aktivitetsnivå, særleg i programma, ser vi no ei auke i løyvingane frå dei fleste verkemidla. Det har til dømes vore ein vekst på 19 prosent i løyvinga frå store program frå 2014 til 2015. Stimuleringstiltak for auka deltaking av forskingsinstitutt i EUs rammeprogram (STIM-EU), fekk ein vekst på 85 millionar kroner i 2015, og bidrog til ei auke i basisløyvingane. Vekst i FORNY2020 og stimuleringsordningane til EU (posisjoneringsmidlar og prosjektetableringsstøtte) bidrog til vekst innanfor system- og nettverkstiltak. Framleis er det instituttsektoren som mottek den største delen av Forskingsrådets løyvingar, 42 prosent, men dette inkluderer basisløyvingane.

Figuren under viser Forskingsrådets løyvingar fordelt på dei viktigaste sektorane våre, i millionar kroner:

Skrevet av:
Kari-Anne Kristensen Spesialrådgiver 22 03 72 29 kak@forskningsradet.no
Publisert:
14.03.2016
Sist oppdatert:
15.09.2016