Gå direkte til innhold
 

Forskingsrådets pris for unge framifrå forskarar

Forskingsrådets pris for unge framifrå forskarar skal lønne høg kvalitet, sjølvstende og fagleg nyskaping og skal stimulere prisvinnaren(-ane) tidleg i karriera til vidare innsats og satsing på forsking.

Prisen er open for unge forskarar innanfor alle fag og disiplinar inkludert tverrfagleg forsking, og blir gitt på grunnlag av dokumenterte resultat. Prisen består av ein sum på 500 000 kroner.

I forslaget må du leggje ved ei grunngiving basert på kriteria for prisen: forskinga skal vere av høg kvalitet, vere sjølvstendig og fagleg nyskapande. Vidare skal personen (ane) ha vist eit stort potensial for å lukkast som sjølvstendig forskar (ar) og ha markert seg med særskilde talent.

Prisen skal gå til ein forskar eller ei gruppe av forskarar under 38 år. Dersom det er aktuelt med fråtrekk for alder (pga permisjonar ol.), må du lese Utdyping av grunnlag for fratrekk PDF - 126 KB .

Forslag til pris for unge framifrå forskarar kan du sende til forskningsprisen@forskningsradet.no

Prisen blei sist delt ut på Forskingas festaftan 28. september 2016.

Juryen for Forskingsrådets pris for unge framifrå forskarar

  • Professor Bengt Gustafsson, Institutionen för fysik och astronomi, Uppsala universitet, leiar
  • Professor Margareta Bertilsson Sociologisk institut, Københavns universitet
  • Professor Ingvild Gilhus Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, UiB
  • Professor Anne Simonsen Institutt for medisinske basalfag, UiO
  • Professor Bjørn Munro Jenssen Institutt for biologi, NTNU
  • Professor Anders Schomacker, Institutt for geologi, UiT
Publisert:
15.04.2016
Sist oppdatert:
30.09.2016