Gå direkte til innhold
 

Forskingsrådets pris for framifrå forsking

Forskingsrådets pris for framifrå forsking skal lønne høg kvalitet i forsking, nasjonalt og internasjonalt. Prisen blir gitt på grunnlag av dokumenterte resultat, og skal vere ein inspirasjon til vidare innsats.

Prisen femner alle fag og disiplinar, inkludert tverrfaglege miljø. Den kan gå til ein enkeltforskar eller til ei gruppe av forskarar. 

Prisen er på éin million kroner og skal brukast til forsking eller vidare kvalifisering i forsking. Ein jury nemnt opp av Hovudstyret peikar ut vinnaren.

Forslag til prisvinnar må innehalde ei fyldig grunngiving (om forskingsinnsats og kva kandidaten har å seie som miljøbyggjar), og dokumentasjon for kvar priskandidat (CV, oversyn over publisering, evalueringar, viktige vitskaplege verv m.m.). 

Forslag til pris for framifrå forsking kan du sende til forskningsprisen@forskningsradet.no.

Prisen for 2016 blei delt ut 28. september. Se Prisvinnarar.

Juryen for Forskingsrådets pris for framifrå forsking

  • Professor Bengt Gustafsson, Institutionen för fysik och astronomi, Uppsala universitet, leiar
  • Professor Margareta Bertilsson Sociologisk institut, Københavns universitet
  • Professor Ingvild Gilhus Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, UiB
  • Professor Anne Simonsen Institutt for medisinske basalfag, UiO
  • Professor Bjørn Munro Jenssen Institutt for biologi, NTNU
  • Professor Anders Schomacker, Institutt for geologi, UiT
Publisert:
15.04.2016