Gå direkte til innhold
 

Forskingsrådets formidlingspris

Forskingsrådets formidlingspris blir gitt til ein forskar som har utmerkt seg med levande og nyskapande kommunikasjon av høg kvalitet frå eige fagfelt. Alle typar formidling i alle typar medium, og både langvarig innsats og enkeltståande tiltak, kan premierast. Det blir lagt vekt på den evna kandidaten har til å vere kreativ og nyskapande. Formidlinga skal vere allmennretta.

Vi kan gi prisen for aktivitetar knytte både til forsking som er i gang og til forsking som er avslutta. Formidlingsprisen kan også bli gitt til ein person som har gjort ein særleg innsats for å fremje norsk forsking og kva forskinga har å seie for samfunnet. Prisen er på 500 000 kroner.

Du kan fremje forslag til kandidatar på eit eige skjema.  

Forslag til formidlingsprisen kan du sende til formidlingsprisen@forskningsradet.no

Prisen blei sist delt ut på Forskingas festaftan 28. september 2016.

Juryen for Forskingsrådets formidlingspris

  • Kommunikasjonssjef Anne Steenstrup-Duch, SINTEF Energi
  • Avdelingsdirektør Thomas Evensen, Forskningsrådet
  • Førsteamanuensis Jørn Hurum, Naturhistorisk museum/Universitetet i Oslo
  • Kommunikasjonsleder Monica Sandnesmo, Uni Research, Bergen
  • Rådgiver Ram E. Gupta, Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert:
15.04.2016
Sist oppdatert:
15.11.2016