Divisjon for vitskap
Forskingsrådet er ein strategisk aktør i utviklinga av eit velfungerande forskingssystem og skal medverke til god arbeidsdeling og samarbeid på det forskingsutførande nivået. Vitskapsdivisjonen har eit strategisk ansvar for universitets-, høgskole- og instituttsektoren.
Divisjonsdirektør: Anders Hanneborg
Det strategiske elementet i dei opne arenaene i Vitskapsdivisjonen ligg i å nytte vitskapleg kvalitet som fremste kriterium for tildelingar, utan å skjegle til politisk prioriterte felt.
Senter for framifrå forsking (SFF), Yngre framifrå forskarar (YFF) og Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er dei viktigaste kvalitetsfremjande nasjonale verkemidla i så måte.
Divisjonen initierer også tematisk og strategisk retta grunnforskingsprogram innanfor utvalde felt.
Nasjonalt infrastruktur for forsking
Ansvaret for finansieringa av nasjonal forskingsinfrastruktur er forankra i Vitskapsdivisjonen, samt vidareutvikling og koordinering av Forskingsrådets rolle innanfor nasjonalt og internasjonalt samarbeid om infrastruktur.
Divisjonen tek vidare i vare systemet for statleg basisfinansiering av disse.
Fagevalueringar
Kvalitet i norsk forsking blir også fremja gjennom fagevalueringar og oppfølging av desse. Ein kritisk gjennomgang av vitskapleg kvalitet, forskingsstrategi og forskingsleiing i norske fagmiljø legg grunnlaget for råd til institusjonane, departement og om korleis Rådets eigne verkemiddel bør innrettast.
- Publisert:
- 25.08.2003
- Sist oppdatert:
- 24.04.2012