Gå direkte til innhold
 

Divisjon for samfunn og helse

Divisjonen skal fremje forsking og innovasjon for å møte samfunnsutfordringar - globalt og nasjonalt - knytt til helse, velferd, utdanning og samfunnsorganisering.

Divisjonsdirektør: Jesper W. Simonsen

Viktige oppgåver er å identifisere og greie ut nasjonale forskingsbehov, byggje opp kunnskap og forskingskapasitet for samfunnsutvikling, og å bidra til betre innovasjonsevne innanfor sitt område. Divisjonen er ein samspelarena og skal sikre koplingar gjennom heile forskingsverdikjeda - på tvers av disiplinar, fag og sektorar.

Divisjonen samarbeider med fjorten departement om forsking som grunnlag for politikkutforming, forvalting, utvikling av offentlege tenester og Noreg sitt internasjonale utviklingssamarbeid. I tillegg har divisjonen koordineringsansvaret for internasjonalt bilateralt forskingssamarbeid.

Viktige verkemiddel

Nasjonale forskingsbehov blir hovudsakleg tekne hand om gjennom handlingsretta program. Eit av verkemidlene er Kunnskapssenteret for utdanning, som skal vere ein portal inn til forskinga for utdanningssektoren. Senteret vil vere organisatorisk forankra som ei avdeling i divisjonen, og vil samarbeide nært med dei handlingsretta og praksisretta programma innanfor utdanningsforskinga. Samstundes har senteret ein eigen profil eksternt.

Internasjonalt

Internasjonalt samarbeid er viktig for å nå nasjonale forskingsmål. Divisjonen har ei stor internasjonal kontaktflate, har koordineringsansvaret for det bilaterale samarbeidet og tek del i ei rekkje internasjonale samarbeidsprosjekt.

Prioriterte samarbeidsland er USA, Canada, Russland, Japan, Kina, India, Sør-Afrika og Brasil.

Samarbeidet omfattar også aktivitetar innanfor European Research Area (ERA). Divisjonen har ansvar for forskingsdelen av EØS-samarbeidet.

Forskingsrådet har eit medansvar for å byggje opp forskingskapasitet i utviklingsland. Divisjonen skal vere pådrivar for forsking om globale utfordringar.

Publisert:
10.09.2003
Sist oppdatert:
29.03.2017