Gå direkte til innhold
 

Divisjon for innovasjon

Divisjon for innovasjon er ein sentral strategisk og operativ aktør for å realisere Regjeringas plan for innovasjonspolitikk.


OrganisasjonskartInnovasjon


Divisjonsdirektør: Anne Kjersti Fahlvik.

Forskingsrådets Divisjon for innovasjon har ansvar for å mobilisere og finansiere forsking i og for norsk næringsliv. Divisjonen gjer analysar og utviklar strategiar for ulike temaområde og innovasjonssystemet som heilskap. Verkeområda spenner frå direkte støtte til enkeltbedrifter, institutt, universitet og høgskolar, via kommersialisering av forskingsresultat til nettverks- og senterdanning.

Målet er eit kunnskapsbasert, attraktivt og berekraftig norsk næringsliv som i samspel med eit innovasjonsorientert FoU-system er rusta for å møte utfordringane i framtida. Å få norsk næringsliv til å ta del i internasjonalt forskingssamarbeid er like viktig som mobilisering i Noreg.

Verkemiddel

Verkemidla i innovasjonsdivisjonen omfattar den generelle støtteordninga SkatteFUNN, opne konkurransearena som Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), Eurostars og Nærings-ph.d., samt strategiske og tematiske program som Matprogrammet, Maroff og Smartrans.

Divisjonen har også ansvar for teknologiområda IKT, nanoteknologi og bioteknologi, og dei Store Programma VERDIKT, NANOMAT og FUGE.

Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) er Forskingsrådets satsing på dei mest framifrå forskingsmiljøa i landet som har tett og langsiktig forskingssamarbeid med norsk og internasjonalt næringsliv. Sentra fungerer som utstillingsvindauge for norsk næringsretta forsking og er eit viktig instrument for utdanning av næringsrelevante doktorandar

Regional innovasjon

Divisjon for innovasjon arbeider for eit kunnskapsbasert næringsliv i heile landet. Viktige brikker i dette arbeidet er Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) og Forskingsrådets regionale representantar lokalisert ved Innovasjon Noregs distriktskontor i heile landet.

Innovasjonsdivisjonen har ei koordinerande rolle for Regionale forskingsfond og samarbeider med Innovasjon Noreg og SIVA.

Publisert:
 27.02.2008
Sist oppdatert:
03.09.2012

Tips en venn

Din venns e-post:
Kommentar:

Din e-post:

Ditt navn:

Sikkerhetssjekk
Captchabilde