Gå direkte til innhold
 

Divisjon for energi, ressursar og miljø

Divisjon for energi, ressursar og miljø har ansvaret for forsking og innovasjon retta mot nasjonale og globale utfordringar knytte til energi, petroleum, klima, polar, miljø og marine ressursar.


Organisasjonskart energi, ressurser og miljø

Divisjonsdirektør: Fridtjof Unander

Ansvaret inkluderer handlingsretta aktivitetar retta mot ressursforvaltning, politikk og verkemiddel. Divisjonen har også ansvaret for å koordinere og følgje opp Nordområdesatsinga. På desse temaa koordinerer divisjonen Forskingsrådets innsats og gjennomfører analysar og utviklar strategiar.

Sentrale mål for divisjonen er å medverke til effektiv og berekraftig utnytting av norske ressursar og slik sett til auka verdiskaping i norsk næringsliv. Divisjonen skal medverke til eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutvikling og kunnskap om verkemiddelbruk og marknadsforhold i Noreg og internasjonalt. Det er eit mål at arbeidet i divisjonen skal gi viktig grunnlag for sentrale nasjonale strategiprosessar tilknytte områda.

Verkemidla omfattar store program innanfor klima, energi, petroleum og havbruk, andre tematiske program knytte til miljø, marine ressursar, polarforsking og petroleum, samt Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). Programma dekkjer grunnforsking, prosjekt med brukarmedverknad, innovasjonsprosjekt og teknologidemonstrasjon.

Publisert:
10.09.2003
Sist oppdatert:
28.09.2016