Gå direkte til innhold
 

Administrasjon

Administrasjonsdivisjonen tek seg av dei felles administrative oppgåvene i Forskingsrådet.

Divisjonsdirektør: Tove Karin Stølen

Administrasjonsdivisjonen skal medverke til heilskapleg samordning, styring og utvikling av Forskingsrådet som organisasjon.

Hovedområda til divisjonen er rekneskap og økonomistyring, organisasjonsutvikling og personalforvalting, IT-drift og -utvikling, sikkerheit og beredskap, driftsfunksjonar og felles kontortenester, dokumentasjonstenester som arkiv og bibliotek, i tillegg til juridiske tenester. Vi skal dessutan leggje til rette for infrastruktur knytt til møteplassfunksjonen i Forskingsrådet.

Vi skal vere med på å gjere Forskingsrådet til ein velfungerande organisasjon som utnyttar ressursane effektivt og sikrar brukarane nødvendige tenester.

Administrasjonsdivisjonen har rundt 70 tilsette.

Publisert:
12.03.2014
Sist oppdatert:
20.03.2017