Store program
Store program er eit viktig verkemiddel for å realisere nasjonale forskingspolitiske prioriteringar. Dei skal byggje langsiktig kunnskap for å stimulere til innovasjon og auka verdiskaping eller medverke til å løyse prioriterte samfunnsutfordringar.
Forskingsrådet har sju Store program som er utvikla gjennom dialog i og mellom forskingsmiljø, næringsliv og styresmakter.
Store program er organisert på tvers av sektorar, verdikjeder og aktørar, og dei fungerer som strategiske og dynamiske koplingsarenaer.
Dei store programma er sentrale for å oppnå måla innanfor Forskingsrådet sine tematiske og teknologiske prioriteringar.
Store program skal
-
vere målretta og setje lys på konkrete utfordringar eller moglegheiter av nasjonal strategisk verdi
-
skape synergiar og samspel mellom strategisk grunnforsking, brukarretta forsking og innovasjon
-
ha eit langsiktig perspektiv og utløyse effektar som det elles ville vere vanskeleg å oppnå
-
mobilisere forskingsmiljø og næringsliv gjennom strategisk bruk av ulike finansieringsformer og i samarbeid med andre verkemiddel i Forskingsrådet
-
ha ei sterk internasjonal orientering
-
vere synlege overfor både forskingsmiljø, forvaltning og allmugen
Les meir om Store program på heimesidene til programma:
BIOTEK2021 – Bioteknologi for verdiskaping
Forsking for å vidareutvikle bioteknologien og skape grobotn for ny verdiskaping i norsk næringsliv
NANO2021 – Nanoteknologi og avanserte materialar
Forsking innafor nanoteknologi og avanserte materialar gir framifrå kunnskap og berekraftige løysingar for samfunn og næringsliv
HAVBRUK – ei næring i vekst
Forsking for å medverke til at havbruksnæringa blir den viktigaste vekstnæringa vår.
NORKLIMA - Klimaendringar og konsekvensar for Noreg
Med meir forsking og kopling av ulike typar forsking vil samfunnet kunne takle klimaendringane.
PETROMAKS - Program for maksimal utnytting av petroleumsreservane
Forsking for å medverke til at petroleumsreservane skaper auka verdi for samfunnet.
RENERGI - Det reine energisystemet for framtida
Forsking for å skape det reine energisystemet for framtida.
VERDIKT - Kjernekompetanse og verdiskaping i IKT
Forsking for å sikre IKT-basert samhandling for kunnskapssamfunnet og kunnskapsøkonomien.
Avslutta store program
FUGE - Funksjonell genomforsking
Funksjonell genomforsking på internasjonalt nivå for å styrkje basalbiologisk, medisinsk og marin kompetanse, innovasjon og næringsutvikling i Noreg.
NANOMAT - Nanoteknologi og nye materiale
Noreg som leiande forskingsnasjon på utvalde område innanfor nye materiale og nanoteknologi.
- Publisert:
- 19.02.2004
- Sist oppdatert:
- 17.09.2012