Gå direkte til innhold
 

Serviceerklæring

Forventningane til Forskingsrådet er høge, og dei utviklar seg stadig, i takt med endringar i samfunnet. Kontinuerlig betring er derfor heilt avgjerande. Forskingsrådet har mange målgrupper, som alle skal vere godt tilfredse med tenestene i Forskingsrådet. Behova for service varierer med kva forhold brukarane har til Forskingsrådet.

Serviceerklæringa er oppsummert i punkta nedanfor. Utfyllande informasjon om kvart av punkta i serviceerklæringa finn du lenger nede på sida.

Forskingsrådet skal:

Om Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd har ansvar for å auke kunnskapsgrunnlaget i samfunnet og skal fremje grunnleggjande og brukarstyrt forsking på alle område. Forskingsrådet er eit forvaltingsorgan underlagt Kunnskapsdepartementet. Rådet utformar forskingspolitikk og forvaltar tilskot til forsking ut frå dei retningslinjene Regjeringa og Stortinget dreg opp

Hovudoppgåver

Forskingsrådet er eit strategisk og utøvande organ med følgjande oppgåver:

- å gi forskingspolitiske råd
Forskingsrådet er den viktigaste forskingspolitiske rådgivaren for Regjeringa, departementa og andre sentrale institusjonar og miljø. Forskingsrådet skal identifisere behov for forsking no og i framtida og foreslå prioriteringar.

- å gi finansiell støtte til forsking og forskarutvikling
Forskingsrådet har ansvaret for å setje i verk nasjonale forskingspolitiske vedtak. Kvart år forvaltar Forskingsrådet i overkant av fem milliardar kroner. Midla Forskingsrådet fordeler, kjem i hovudsak frå departementa.

- å skape møteplassar for dei som finansierer, realiserer og bruker forskinga
Forskingsrådet skaper møteplassar og utviklar nettverk for forskarar, finansieringskjelder og brukarar av forsking. Samarbeidet med og mellom departement, universitet og høgskolar, forskingsinstitutt, næringsliv og offentleg forvalting er ein føresetnad for at norsk forsking skal utvikle seg vidare.

Forskingsrådet skal:

Møte dine førespurnader med interesse og respekt

Alle skal bli vel mottekne når dei tek kontakt med Forskingsrådet og raskt setjast i kontakt med personar som har nødvendig innsikt i det aktuelle temaet. Dersom saksbehandlaren ikkje er tilgjengeleg, skal den aktuelle divisjonen/staben formidle førespurnaden vidare til saksbehandlaren så snart råd er.

Forskingsrådet skal:

Gi deg god tilgang på relevant informasjon

Forskingsrådet skal gi oppdatert og god skriftleg informasjon om saker som høyrer inn under hovudoppgåvene i Rådet. Informasjonen skal gjerast lett tilgjengeleg ved hjelp av utlegging på Internett, direkte tilsending eller utlysing i pressa.

Nettsidene våre inneheld oppdatert informasjon om mange ulike tema knytte til Forskingsrådets organisasjon, søknadsprosedyrar, publikasjonar osv.

Forskingsrådets finansielle verkemiddel og søknadstypar, prioriteringar, krav til søknader samt kontaktpersonar, søknadsfristar m.m. er beskrivne på søknadssidene våre. Nettbasert søknadsskjema finst tilgjengeleg frå den enkelte utlysinga.

Forskingsrådet skal:

Vere ope om arbeidsmåtane sine

Forskingsrådets arbeidsformer skal skape tillit og medverke til opne forhold. Informasjon om arbeidsmåtane skal vere tydelege og lett tilgjengelege for brukarane, og endringar som gjeld brukarane direkte, skal varslast i god tid.

Forskingsrådets breie ansvarsfelt føreset at mange personar utanfor administrasjonen (medlemmer av styre, råd, fagkomitear osv) er involverte i sentrale arbeidsoppgåver som budsjettarbeid, utforming av forskingsprogram og strategiske dokument, høyringar og tildeling av prosjektmidlar. Ei slik arbeidsform medverkar til opne forhold rundt verksemda og rutinane i Forskingsrådet.

Reglane om opne forhold i  Lov om offentlegheit i forvaltinga (Offentlegheitslova) gjeld for verksemda i Forskingsrådet.

Forskingsrådet skal:

Ha oversiktlege og forsvarlege søknadsprosedyrar og avgjerdsprosessar

Kriteria for støtte og saksgangen under dei ulike finansieringsordningane i Forskingsrådet skal vere klare og kjende. Til søknadsbehandlinga bruker ein eit stort tal sakkunnige i fagmiljø og næringsliv. Ved avgjerd om tildeling skal ein stille krav om habilitet, teieplikt og opne forhold. Alle sakkunnige leverer  Sakkyndigerklæring (PDF-13.4 KB) .

Stadfesting på motteken søknad skal ein gi innan éin månad. Utfallet av søknadsbehandlinga til hovudsøknadsfristen skal vere avklart innan 31. desember. Melding blir sendt søkjaren så snart det er gjort vedtak.

Krav til offentlegheit

Som svar på eksterne førespurnader kan Forskingsrådet gi opplysningar om kven som har søkt forskingsmidlar (aktuell ansvarleg institusjon eller bedrift), samt prosjekttittel. Forskingsrådet vil skjerme for andre opplysningar som går fram av søknaden. For prosjekt som blir støtta, vil eit standard utval prosjektopplysningar bli gjorde offentlege frå Forskingsrådets prosjektdatabase, med mindre prosjektet er unnateke frå offentlegheit. Næringsretta prosjekt kan dragast unna frå offentlegheit dersom særskilde forhold tilseier dette.

Klage på søknadsbehandlingen

Ut frå  vedtektene (PDF-608.8 KB)  er Forskingsrådets vedtak unnatekne frå reglane i Forvaltingslova om grunngivingsplikt, og vedtak kan ikkje klagast over. Men det er høve til å klage når søkjaren meiner å kunne påvise saksbehandlingsfeil eller myndemisbruk under søknadsbehandlinga. Forskingsrådets faglege vurderingar eller skjønn kan ikkje klagast over. Nærmare informasjon om søknadsprosessen og klage på saksbehandlinga, sjå Søknadsinformasjon.

Forskingsrådet skal:

Gi deg tydelege og forståelege tilbakemeldingar innan avtalte fristar

Saksbehandlingstid på førespurnader skal ikkje gå ut over éin månad, med mindre det er gitt melding om anna. Forskingsrådet følgjer reglane i Forvaltingslova.

Ved søknader om forskingsmidlar

Når Forskingsrådet stadfestar mottak av søknader, blir det samtidig orientert om prosessen vidare, og søkjaren (aktuell prosjektansvarleg) får oppgitt prosjektnummer og namn på saksbehandlaren.

Så snart søknaden er ferdigbehandla, får søkjaren melding om utfallet. Slik melding blir normalt sendt til den institusjonen som er oppgitt i søknaden som administrativt ansvarleg. Det er institusjonen sitt ansvar å informere dei som tek del i prosjektet.

Forskingsrådet skal:

Vere ein profesjonell samarbeidspartnar og fremje samspel mellom forskingsaktørane

Forskingsrådet skal stimulere til auka forskingsinnsats og betre kvalitet på forskinga, og gi råd om korleis ulike aktørar, kvar for seg og i samarbeid, kan arbeide for å oppnå dette.

I prosessane knytte til søknader om forskingsmidlar og gjennomføring av forskingsprosjekt er Forskingsrådets saksansvarlege den primære rådgivaren for søkjarane.

Forskingsrådet skal følgje opp prosjekta gjennom effektive kontrakts-, kontroll- og rapporteringsrutinar, sjå Prosjektrapportering.

Forskingsrådet fremjar samarbeid

Forskingsrådet skal medverke til å knyte kontakt og etablere møteplassar og samarbeidsarenaer som skaper meirverdi for både aktørane og samfunnet.

Forskingsrådet har også som oppgåve å leggje til rette ordningar som fører til auka samarbeid mellom norske og utanlandske forskingsmiljø og forskarar.

I samband med søknadsbehandling kan Forskingsrådet ta initiativ for å få til ei best mogleg samordning av aktuelle finansieringskjelder. Dette gjeld både eventuell samfinansiering med aktørar utanfor Forskingsrådet og planlegging for seinare fasar av prosjekt etter at Forskingsrådets støtte har teke slutt.

Forskingsrådet skal:

Levere deg tenester med god effektivitet og likeverdig kvalitet frå heile organisasjonen

Forskingsrådet skal stå fram som éin organisasjon utetter, sjølv om den fagleg og administrativt er delt inn i tre divisjonar og to stabar.

Forskingsrådet har oppretta felles arbeidsrutinar og avgjerdsprosessar, men spesialordningar blir nytta når sterke faglege eller administrative grunnar gjer dette nødvendig.

Forskingsrådet vil ta i bruk elektroniske verktøy i si saksbehandling når det aukar kvalitet og effektivitet på tenestene og tek vare på behova til brukarane på ein god måte.

Attende til byrjinga av sida

Publisert:
 09.09.2003