Forskingsrådet skal jobbe på ein miljøvennleg måte. Miljøomsynet skal takast vare på i alle våre oppgåver:
Forskingsrådet skal ha gode styrings- og rapporteringsrutinar for oppfølging av miljøpolicyen.
Leiinga i Forskingsrådets har ansvaret for at miljøleiingssystemet blir integrert i det eksisterande styringssystemet. Gjennom gode rutinar skal dei tilsette motiverast til å følgje Forskingsrådets miljøpolicy. Ein skal leggje vekt på å fremje ein bedriftskultur som tek omsyn til miljøet, der manglar kan avdekkjast og raskt rettast opp, og der individuelle bidrag til beste for fellesskapet og miljøet blir verdsette og stimulerte.
Det primære miljøansvaret ligg hos den einskilde medarbeidar under utøvinga av arbeidsoppgåvene.
Forskingsrådet skal systematisk og kontinuerlig styrkje sin miljøinnsats i
samsvar med eigne krav, samt aktuelle lover og forskrifter.
Forskingsrådet skal ha særleg merksemd på følgjande område:
Forskingsrådet vil stille miljøkrav til operatørar og leverandørar.
Forskingsrådets miljøpolicy skal vere ein synleg del av Forskingsrådets profil og skal vere lett tilgjengeleg for både interne og eksterne brukarar.
Norges forskningsråd
Postboks 2700 St. Hanshaugen 0131 Oslo
Besøksadresse: Stensberggata 26
Telefon: 22 03 70 00
Telefaks: 22 03 70 01
E-post:
post@forskningsradet.no
Henvendelser om nettsidene:
webmaster@forskningsradet.no