Forskingsrådet er inndelt i fem divisjonar: Vitskap; Samfunn og helse; Energi, ressursar og miljø; Innovasjon, og Administrasjon. Administrerande direktør er Arvid Hallén.
Dei fem organisastoriske einingane har til saman rundt 400 tilsette.
Staben til administrerande direktør har koordineringsansvar for budsjett, årsrapportering, statistikk, strategisk arbeid, internasjonalt samarbeid og mediekontakt.
Internasjonalt kontor (D-INT) er administrerande direktør sin stabsfunksjon for internasjonale saker og skal sikre at Forskingsrådet til kvar tid har eit velinformert og fastsett strategisk grunnlag for si samla internasjonale verksemd.
Forskingsrådets øvste organ er Hovudstyret, som har ni faste medlemmer og to varamedlemmer. Hovudstyret blir oppnemnt av Kongen i statsråd.
Fire av medlemmene har også ein funksjon som leiarar av kvar sitt divisjonsstyre. Dei andre medlemmene i divisjonsstyra blir oppnemnde av Hovudstyret.
Alle forskingsprogramma i Rådet har eigne styre. Om lag 800 representantar for forskings- og utdanningsinstitusjonar, næringsliv, organisasjonar og offentleg forvaltning har styre- eller komitéverv i Forskingsrådet.
Norges forskningsråd
Postboks 2700 St. Hanshaugen 0131 Oslo
Besøksadresse: Stensberggata 26
Telefon: 22 03 70 00
Telefaks: 22 03 70 01
E-post:
post@forskningsradet.no
Henvendelser om nettsidene:
webmaster@forskningsradet.no