Kva handlar samfunnsoppdraget om?

Målet med samfunnsoppdraget er å redusere talet på unge som står utanfor utdanning, samfunns- og arbeidsliv. Kva er det som påverkar god oppvekst? Dette må vi som samfunn jobbe målretta og på tvers av sektorar for å finne ut meir om. Involverte departement vil vere Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kulturdepartementet.

Forskingsrådet er sekretariatet for samfunnsoppdraget i denne utformingsfasen. Vi leier ei operativ gruppe som i mars 2024 foreslo organisering og konkrete mål for samfunnsoppdraget frå 2024 og framover. Det vil bli lagt til rette for brei involvering frå samfunnet.

Organisering av samfunnsoppdraget

Operativ gruppe

Operativ gruppe består av representantar frå DOGA, Utdanningsdirektoratet (Udir), Helsedirektoratet, Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir), Arbeids, og velferdsdirektoratet (AVdir), KS, Barne-, ungdoms –og familiedirektoratet (BufDir), Kulturtanken og Forskingsrådet. Gruppa blir leia av Forskingsrådet.

Mandat for operativ gruppe i utformingsfasen

Sekretariat

Rita Bergersen (leiar), Siv Øverås, Kari Tonhild Aune, Camilla Oftebro, Mette Nygård Smith og Falk Eidsvold Tøien, alle Forskningsrådet.

Vi vil gjerne høyre frå deg!

Send oss ein e-post med innspel til problemstillingar vi kan jobbe med, eller med spørsmål om samfunnsoppdraget.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. mai 2024, kl. 22:51 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.