Bladet Forskning

To vegar til oljerikdom

Stavanger og Aberdeen valde ulike vegar for utviklinga av petroleumsbransjen, men begge lykkast. Kva gir blomstring i regionane? Norske forskarar skal samarbeide med Massachusetts Institute of Technology for å finne svaret.

Skrevet av: bjarne røsjø

MEIR PATENTERING: Stavanger og Aberdeen har valt ulike vegar når det gjeld utvikling av petroleumsbransjen. Det foregår mykje meir patentering i Aberdeen enn i Stavanger. (Foto: Statoil)

Forskarane Martin Gjelsvik og Petter Westnes ved International Research Institute of Stavanger (IRIS) har gått laus på eit av dei verkeleg store spørsmåla: Korleis kan dei økonomiske regionane overleve og blomstre i ein global økonomi som er i rask endring? Svaret skal dei finne i samarbeid med Industrial Performance Centre ved Massachusetts Institute of Technology (MIT), ein av dei mest kjende forskingsinstitusjonane i verda.

Resultata er – pussig nok – omtrent like gode når det gjeld internasjonal konkurransekraft.

– Det er veldig givande å samarbeide med MIT og professor Richard Lester, som leier det prosjektet vi er involverte i. Akkurat no er vi i ferd med å avslutte ein samanliknande studie av utviklinga av olje- og gassnæringa i høvesvis Aberdeen- og Stavanger-regionen, fortel Westnes.

Ulike vegar til målet

Samanlikninga hittil viser at Stavanger og Aberdeen har valt ulike vegar når det gjeld utvikling av petroleumsbransjen. Norske styresmakter, både nasjonale og regionale, var aktive i utviklinga av lokal kompetanse. Olje- og gassnæringa i Aberdeen kan derimot seiast å ha vakse trass i at ho ikkje fekk konsekvent støtte frå nasjonale styresmakter.

Institusjonane må i framtida bli flinkare til å ta ei strategisk rolle.

– Vi ser òg at det foregår mykje meir patentering i Aberdeen enn i Stavanger. Vi argumenterer for at andre institusjonelle former har vore rådande i Noreg, som heller har satsa på prosjekt der fleire selskap utviklar teknologi saman. Men resultata er – pussig nok – omtrent like gode når det gjeld internasjonal konkurransekraft, fortel Westnes. Resultata frå Stavanger og Aberdeen tyder på at det kan finnast fleire vegar til målet om regional utvikling.

Resultata tyder på at det kan finnast fleire vegar til målet om regional utvikling.

– Universiteta og dei andre utdannings- og forskingsinstitusjonane har alltid spelt ei rolle i næringsutviklinga. Men vi trur at institusjonane i framtida må bli flinkare til å ta ei strategisk rolle og vere bevisste på at dei kan bidra meir konkret til industriell og regional næringsutvikling, utan at dette treng kome i konflikt med den primære forskinga og undervisninga. For å signalisere at dette handlar om overgangen frå ein ressursbasert økonomi til ein kunnskapsbasert økonomi, har rapporten vår fått arbeidstittelen «From black gold to human gold», fortel Westnes.

Stavanger og Aberdeen er to av til saman 23 regionar som blir samanlikna i MIT-prosjektet «Local Innovation Systems». Prosjektet er støtta av Forskingsrådet.

web.mit.edu/lis

Skriv ut siden