Bladet Forskning

Når journalisten blir helt, og forskaren salsmedarbeidar

Er det journalisten eller forskaren som har ansvaret for at forsking vert offentleg tilgjengeleg? Har dei store mediene utspelt si rolle som formidlarar? Kva skjer når forskingsformidlinga vert salsargument overfor dei som forvaltar pengesekkane?

Skrevet av: ingar myking

Eg kan ikkje sjå at forskaren har noko plikt til å formidle faget sitt gjennom dei store mediene. Det er journalistane sjølve som må ta dette ansvaret, meiner Atle Kittang, professor ved Institutt for litteraturvitskap, Universitetet i Bergen. – Heller tvert imot, meiner professor Ole Didrik Lærum, Avdeling for patologi ved Universitetet i Bergen. – Vi må intensivere arbeidet overfor mediene meir enn nokon gong. Forskarane sit med primærkjeldene, og har difor størst ansvar for formidlinga, hevdar Lærum.

Begge er røynde formidlarar, og har figurert meir i avisene og i bokverda enn dei fleste. Parallelt med vitskapleg arbeid har Lærum og Kittang vore aktive i universitets- og forskingspolitikk. Lærum mellom anna som rektor ved Universitetet i Bergen og hovudstyreleiar i Noregs forskingsråd, Kittang som mangeårig medlem av Kollegiet ved Universitetet i Bergen. Lærum har jamvel bevega seg utafor eige fagfelt, og forfatta fleire kulturhistoriske bøker om både musikk, historie og folkloristikk. Kittang har helst halde seg til eige fagområde.

I spørsmålet om kva som er forskingsformidling, er dei einige. Mange trur at formidlinga foregår kun gjennom aviser og fjernsyn, og det irriterar dei to veteranane. Undervisning, foredrag, fagbokutgivingar er óg viktige middel i forskingsformidlinga, meiner dei. Men kjem vi til formidling i mediene, skil synspunkta deira lag.

Atle Kittang (Foto: Marte Rognerud)

Kittang: Det er vel fordi eg er sunnfjording og likar å halde meg til det eg veit eg kan. Ole Didrik er vossing og er ikkje så redd for slikt.

Forskning: Kvifor meiner du at det er journalistane og ikkje forskarane som har ansvaret for å formidle forsking til offentlegheita, Kittang?

Kittang: Eg meiner å sjå eit paradoks i høve til forskingsformidling i mediene: Vi møter synspunkta om kor viktig forsking er for samfunnet. Samtidig møter vi stadig skepsis og mistenkeleggjering frå dei som skal vere tonegivande i storsamfunnet. Vi kunne kanskje ha rydda vekk dette paradokset med å ha kome klarare fram i rampelyset. I ein slik samanheng vert formidling gjennom mediene viktig. Spørsmålet vert då korleis formidlinga kan få gjennomslagskraft. Mitt syn var lenge at eit godt samarbeid mellom journalist og forskar er viktig. Hovudmålet for alle partar skulle jo ha vore breiast og best mogleg informasjon til flest moglege for at samfunnet skal fungere godt, men etter kvart har eg fått tvil om vi delar desse måla. Det viser seg at TV og dei store dagsavisene er lite interesserte i forskingsformidling. Vi kan ikkje dytte forskinga på journalistane, og gi dei ordre om å popularisere. Vi er avhengige av at profesjonen kjem oss i møte og viser at dei er interesserte i forsking.

Forskning: Lærum derimot meiner stikk motsatt? Kvifor?

Lærum: Eg meiner vi bør intensivere innsatsen og eksponere oss meir, sjølv om det ikkje lenger er farefritt. Eg er litt skuffa over slike passive haldningar. Eg skjønar synet, men min konklusjon vert motsatt. Vi må i enda større grad gå på barrikadene for det vi står for.

"Kittang: — Hovudmålet for alle partar skulle jo ha vore breiast og best mogleg informasjon til flest moglege, men etter kvart har eg fått tvil om vi deler desse måla."

Kittang: Ein opplever at journalistane, dei som ein gjerne skulle ha med seg i formidlinga, har sine heilt eigne interesser, vrir og vinklar stoffet på ein måte som ein ikkje kjenner seg igjen i. Spørsmålet er om det vi har å fare med skal kome vidare ut. Alternativet kunne ha vore at vi marknadsførte oss meir sjølve, laga personlege "imager" i mediene, for å kome til syne på den store mediearenaen. Men eg kan ikkje forsvare å bruke yrkesressursar på den måten.

Forskning: Men det kan du, Lærum?

Lærum: La meg prøve å kome med ei situasjonsskildring. Svært forenkla. Det vi ser innan medisin og naturvitskaplege fag, men også andre fag, er at kunnskapane går rett opp. Vi veit meir i år enn i fjor, det akslererar. Det er óg ein tendens til at vi kjem inn i nye rom. Alt som du ser inne i dei nye romma, har ein ikkje visst tidlegare. Dei nye oppdagingane skjer også i dimensjonar, slik at kunnskapen ikkje berre akkumulerar. Utviklinga går i sprang. Poenget mitt er at vi må forhalda oss til mykje meir kunnskap enn før, som óg får mykje større konsekvensar. I dag har vi dessutan system til å handsame desse kunnskapsmengdene på ein heilt anna måte enn før. Vi kan kombinere kunnskap frå ulike fagfelt på ein måte som var utenkeleg som tilnærming for ein 10—15 år sidan.

Forskning: No tenker du på ny informasjonsteknologi i vidaste forstand. Internett, databasar og liknande.

Lærum: Ja alt dette gjer at tenkinga har endra seg. Faga er nærare kvarandre enn før. Dette gjer at vi grovt sett kan sjå to utviklingslinjer innan forsking. Den eine er at ein grev seg djupt nedover i eit fagemne. Det andre er at ein går til sidene mot andre fag. Ulike spesialistar jobbar i dag i nettverk, og kombinerar ufattelege kunnskapsmengder.

Forskning: Og dette biletet finn du igjen i samfunnsvitskapen og humaniora, Kittang?

Kittang: Ja, det gjer eg. Og det er klart at han stakkars journalisten som skal kaste seg inn i dette med liv og glød, får store problem med å orientere seg. Vi som forskarar har vår fulle hyre med å følge med i informasjonsstraumen innanfor vårt eige fag. Å vere forskingsjournalist i dag er ikkje noka enkel oppgåve. Hadde vi hatt slik journalistikk i Noreg burde vi støtta sterkt opp om han.

Forskning: Men ein skal likevel formidle, skal ein ikkje?

Lærum: Eg delar denne oppfatninga heilt og fullt, men eg vil likevel ha med eitt poeng til: Kunnskapen har jo for lengst mista dyden. Nye kunnskapar kan vere farlege, få konsekvensar som er skadelege, og kan i høgste grad misbrukast i ein heilt annan grad enn før. Dette gjer at etikken i forskinga må skrivast med store bokstavar. Ein har ikkje berre ansvar for å skape ny kunnskap, ein har óg eit etisk ansvar for kunnskapen. Datamaskinen har inga dømmekraft, det er det forskaren som skal ha. Dette til saman skapar ein dramatisk situasjon. Ser ein på det kvantitativt, så er det ikkje i Noreg noko særleg auke i talet på forskarar. Forvaltningsoppgåva til forskaren vert difor større enn før. Så har du informasjonseksplosjonen. Vi må ikkje berre skaffe oss informasjon, vi må også verge oss mot han. Det er vanskelegare å skaffe seg relevant informasjon i dag, fordi ein må sile han i større grad. Mediene er óg meir effektive i spreiing av stoff, så sjølv om forskarane intensiverar formidlinga, er ho mindre synleg likevel. Ein må manøvrere seg mellom informasjon som er på ein skala frå verdfull til reint søppel. Dette må sjølvsagt vi forskarar forhalde oss til.

Forskning: Kva gjer dette med forskarane sitt tilhøve til mediene?

Lærum: Mediene har vorte tøffare. Det er ikkje lenger sjølvsagt at vi er velsedde. Tvert imot. Særleg i Noreg har vi ein veldig svak tradisjon for forskingsjournalistikk. Han har vorte mindre enn før. Krava til lønnsemd i mediene er større enn før, og høva til å fordjupe seg er dårlegare. Personfokuseringa og risikoen for å kunne skrive noko gale vert større. Den siste resten av dyden til mediene forsvann med Clinton sitt sidesprang. Eit vendepunkt i medieverda som nok får konsekvensar for forskingsformidling òg. Då ryktene om Clinton kom, var det ikkje snakk om dagar eller timar, men minuttar, før rykta kom over Internett til 40 millionar menneske.

Kittang: Det at tabloidmediene trykte alle rykta rundt Clinton var ikkje det verkelege vendepunktet. Ei viss type medier har alltid skrive slikt stoff. Det som var vendepunktet, var at dei seriøse avisene i USA hadde side opp og side ned med meir eller mindre kvalitetssikra sladder og fakta.

Ole Didrik Lærum og Atle Kittang (Foto: Marte Rognerud)

Forskning: Korleis ser de samanhengen mellom Clinton og forskingsformidling?

Lærum: Faren for forskaren i å lage ei medieboble er mykje større enn før. I verste fall kan du vere uheldig og ti minuttar seinare kan det vere tilgjengeleg for 40 millionar menneske. I gamle dagar, tidleg i90-åra, var dette utenkeleg. Kombinasjonen av alt dette gir oss ein røyndom som er ny. Det som var god forskingsformidling i fjor og iforfjor, det held ikkje mål lenger.

Kittang: Både nasjonalt og internasjonalt ser vi at det er den gjennomgripande kommersialiseringa av den journalistiske informasjonsformidlinga som er det karakteristiske. Mediene har i større grad vorte berre ei sals- og forbruksvare. Dei kommersielle TV-stasjonane har diverre vorte trendsettarar óg for pressa og allmennkringkastinga. Det vert difor vanskeleg å sjå kor det vert plass til ein kvalitetsjournalistikk med ei slik utvikling. Om vi studerar "Bergens Sports- og annonsetidende", som eg har starta å kalle vår regionsavis, ser vi svært klart kva som har skjedd på 90-talet. Bergens Tidende var for 15 år sidan ei kvalitetsavis, nesten som dei seriøse avisene i København og Stockholm. Det som har skjedd med avisa på 90-talet, er berre sorgen. Nokon må gå inn og spørje seg kvifor ei slik bedrøveleg utvikling skjer, og kor vi skal plassere innsmetta for forskingsformidling.

Forskning: De kjem begge med pessimistiske analyser av dagens mediesituasjon. Du Lærum, har likevel eit meir optimismistisk syn på sjansane til formidling. Kva strategi bør ein legge?

Lærum: Forskingsamfunnet må verte meir offensivt. Eg trur ikkje det er nokon veg utanom. Institusjonane bør óg i større grad ta hand om forskaren, og beskytte han og henne i denne prosessen. Det må verte ein del av personalpolitikken. Det er ikkje lenger nokon uskuldig "business" å drive formidling. Ein må òg gå fram systematisk for å sjå kor ein kan få større kapasitet til å formidle. I Noreg har vi til dømes vore for svake innan gjenbruk av data, til formidling på ulike måtar og til ulike mottakergrupper. Ein held seg altfor lett til ei gruppe. Ein må jobbe langs heile fjøla når ein prøvar å få forskinga si ut.

Forskning: Kva vert så forskaren sin styrke i informasjonsrevolusjonen?

Lærum: Vi har ei vare som vert meir og meir ettertrakta. Det er ikkje vanskeleg å få tak i informasjon. Om nokre år vil sikkert pasienten vite meir enn legen om sjukdomen sin via Internett. Det forskaren sit inne med er evna til å vurdere kunnskapen, kombinert med den etiske delen. Det er innsikta om kva til dømes sjukdomen går ut på, som vert meir og meir etterspurd. Informasjon er nemleg verdilaus så lenge ein ikkje har innsikt i korleis ein skal bruke han. Greier vi denne omstillinga har vi ei god framtid, men vegen fram er lang, sidan situasjonen har endra seg så raskt. Det er difor eg er skuffa over at forskarkollegane mine og institusjonane har vore så passive. Ein lyt våge å få riven brok.

Kittang: Ja da, eg er ikkje så tertefin som du trur. Ved Universitetet i Bergen har vi eit utmerka formidlingsmagasin, UiB-magasinet. Kor stor gjennomslagskraft det har, veit eg ikkje, men eg skreiv ein gang om Hamsun der, og artikkelen vart lest og kommentert i Dagbladet. Men då eg såg kva tema dei valde å ta opp i Dagbladet, vart eg betenkt. Det var sjølvsagt det einaste temaet avisredaksjonane regelvis spør meg om: Hamsun og nazismen. Eg kunne gitt innsiktsfulle svar om Hamsun sitt forfatterskap. Det veit eg noko om, og det er på grunn av forfattarskapet vi er interesserte i Hamsun. Kan vi konkretisere strategiar som gjer at vi når fram med forskinga i mediene, så er eg med på det. Vi må likevel vere realistiske nok til å sjå at denne jobben er tyngre no enn for 15 år sidan. Den enkelte forskar må óg prioritere korleis han vil bruke arbeidsressursane sine til å formidle. Personleg har eg mest igjen for å formidle direkte til eit interessert publikum, og det trur eg dei eg formidlar til opplever óg. Foredrag, forelesingar og seminar vil gi betre nytte og effekt enn om eg måtte streve for å få plass til ein ´onelinerª i Bergens Tidende eller ein annan tabloid.

Forskning: Mykje av argumentasjonen for formidling går óg på at politikarar og byråkratar skal forstå forskinga sin situasjon, og prioritere forsking.

Kittang: Politikarane veit at forsking er viktig. Dei seier det jo sjølve kvar dag. Det er med i alle talar. Det kan ikkje vere naudsynt å fortelle dei om igjen og om igjen kor viktig forsking er. Dei får ikkje meir pengar ut av Finansdepartementet av den grunn. Eg reagerte på Lilletun sine offentlege utsegn då han satt som formann i Forskingskomiteen på Stortinget. Han sa at det var forskarane sjølve som hadde ansvaret for at dei får så lite pengar, fordi vi ikkje var flinke nok til å formidle det vi driv på med.

Forskning: Så de vil slå ein strek over eit slikt delmål for formidlingsverksemda. At ein må formidle med tanke på å gi forskinga legitimitet i samfunnet, for i neste omgang å skaffe meir midlar.

Kittang: Viss målet med formidlinga er å skaffe oss meir pengar, så er vi totalt ute å køyre, både frå ein etisk og ein politisk synsvinkel. Formidling av fag driv ein med fordi ein ønskar at mest mogleg kunnskap skal vere tilgjengeleg for folk. Det viktigaste må etter mi meining vere å prøve å bidra til å skape eit best mogleg demokrati, og det er ikkje berre eit høgt formelt utdanningsnivå eit velfungerande demokrati har bruk for. Vi treng òg eit høgast mogleg refleksjonsnivå. Det er der vi forskarane skal bidra, ikkje til å skaffe meir pengar til universiteta. Viss styresmaktene vil sveltefôre universiteta, så gjer dei det i klart medvet om konsekvensane. Vi må ikkje gå rundt og tru at politikarane ikkje veit kva prioriteringar dei foretar.

Lærum: Heilt korrekt. Eg vil berre føye til at viss vi lar publikasjonane frå universiteta og andre institusjonar frå forskingsverda verte skrytetidsskrift, så er vi inne på ein svært farleg veg.

Kittang: Den amerikanske universitetsverda har mange gode sider, men her rører vi ved ei av dei dårlege. Skal vi dyrke den amerikanske marknadskulturen innan forsking og formidling, då har vi amerikanisert feil.

"Lærum: — Eg meiner vi bør intensivere innsatsen og eksponere oss meir, sjølv om det ikkje lenger er farefritt. Eg er litt skuffa over slike passive haldningar."

Lærum: I overført tyding er salsvara vår vederheftig kunnskap. Formidlar vi kunnskap fordi vi skal oppnå noko, så har vi vorte noko heilt anna. Men at folk vert glad i oss når vi formidlar god forsking, det er jo kjekt. Det er likevel eit sekundærfenomen, som mottakaren må stå for, ikkje vi.

Forskning: Kan ein gå for langt, og gjere formidling til eit kriterium for god forsking? At formidlingsaspektet vert eit fagleg evalueringspoeng?

Lærum: Når det gjeld å gjere formidling meritterande må ein sjå heile forskinga under eitt. Om formidlinga som eit enkelttiltak brått skal få ein særstatus, då frikoblar du ho frå forskinga og vår gamle tradisjon for folkeopplysing, som eg sjølv har stor sans for.

Kittang: Vi er nok meir einige enn det av og til høyres ut som.

Ole Didrik Lærum (Foto: Marte Rognerud)

Lærum: Ein tendens innan amerikansk forsking er at forskarane må ha så mykje å vise til for å få midlar at det går mot det reint ekstreme. Fleire og fleire presenterar resultata sine som "seljarar". Det ser vi òg på mange vitskaplege artiklar, der små nye funn vert blåst opp til å vere epokegjerande i fagtidskrifta. Reine nobelpriskandidaturet. Så langt har vi enno ikkje kome i Europa, og kanskje er det ein av grunnane til at amerikanarane ofte tek luven frå oss i forskingsverda. Den europeiske tradisjonen er viktig å halde på. Må vi forfelle til salsmenn for eigne resultat for å få forskingsmidlar, då forsvinn mykje av den langsiktige forskinga.

Kittang: Vi ser at Noreg går med raskare og raskare steg mot ein marknadsstyrt universitetssektor. Her i landet har vi eit gjennomført statleg system, med egalitet i høve til lønn, arbeidssituasjon osv. Eg er likevel overtydd om at vi nærmar oss USA-systemet med raskare steg enn vi sjølv oppfattar. Så når eg er på det mest pessimistiske fryktar eg at vi lever på byrjinga av slutten for det universitetsidealet som har fungert frå slutten av 1100-talet og fram til no. Eg vågar knapt å tenke på korleis det skal gå med oss viss reklamebyråa og liknande butikkar skal ta over kunnskapsformidling og -produksjon, slik eg allereie ser tendensane til her i landet.

 
 

Skriv ut siden