Bladet Forskning

Molekylær marinbiologi og suksessen i norsk akvakultur

Takk for innlegget.

Trygve Gjedrem, professor Akvaforsk

Eg har med interesse lese referatet av Christian Hambros tale på seminar om bioteknologi i Japan, referert i Forskning nr. 2/01, side 11. Det eg særleg festa meg ved, var setninga «En nøkkel til den suksess Norge har hatt med sin fiskeeksport er forskning innenfor molekylær marinbiologi og marin bioteknologi». Eg måtte spørje meg sjølv: Kva legg Hambro i dette med nykjelen til suksess og på kva fagområde er det han meiner at bioteknologien har vore nykjelen?

Når eg ser tilbake på utviklinga av oppdrettsnæringa i desse 30 åra som eg har teke del i, og spør meg sjølv kva faktorer ved den biologiske sida av produksjonen det er som har hatt mest å seie for dette eventyret, meiner eg det avgjerande har skjedd på tre fagområde:

• Utvikling av fôret til fisken som har skjedd med tradisjonelle metodar; industrien nyttar kanskje bioteknologiske metodar for å behandle enkelte fôrmidlar før pelletering.

• Avlsarbeidet med fisken; til nå har ikkje bioteknologiske metodar vore nytta, men tradisjonelle seleksjonsmetodar som også vert nytta for tradisjonelle husdyr. Norge har vore føregangslandet innan akvakultur.

• Vaksine og betring av fisken si helse; ein vaksine mot virussjukdomen PIN skal vere utvikla med bruk av bioteknologiske metodar, men vaksinen gir usikre resultat og er lite nytta i næringa. Elles er det nytta kjente prinsipp for sjukdomskontroll frå husdyrbruket.

Dette er ei kort oppsummering av det eg kjenner til, og etter dette har marin bioteknologi si rolle til nå berre vore ein dråpe i havet ved utviklinga av norsk akvakulturnæring. Hambro har kanskje ein annan ståstad, og har truleg andre informasjonar m.a. frå tradisjonelt fiske? Eg ville derfor setje stor pris på eit konkret svar på kva som meines med at bioteknologiske metodar har vore ein nykjel til suksessen. Dette tykkjer eg er viktig å få klarlagt, sidan så mange uttalar seg om kor viktig og sentral den bioteknologiske forskinga har vore for utviklinga av norsk akvakulturnæring. Det siste dømet er kronikken til statsminister Jens Stoltenberg i Aftenposten 5. juni. At det kan verte mogleg med stor verdiskaping innan bioteknologien framover, er ei anna sak.

I vårt referat fra Christian Hambros foredrag i Tokyo kom den journalistiske gjengivelsen uheldig ut på dette punktet, noe redaksjonen beklager.
En setning kom ut av kontekst og var feiltolket. Setningen var «One key area for this success is the research being done in molecular marine biology and marine biotechnology». «This success» som det står, viser til ønsket utvikling i fremtiden, og ikke til den suksess vi allerede har hatt.

Nedenfor er det aktuelle avsnittet fra foredraget gjengitt, slik at utsagnet kan ses i sammenhengen.

«Japan is by far Norway’s largest export market for salmon. The export value of salmon this year alone will probably exceed 60 billion Yen (300 mill US dollars). Aquaculture is a modern research-based fairy-tale come true for Norway. Norway’s ambition is to be a leading aqua-cultural nation in the future. This calls for being in the scientific forefront in several fields of science and technology. One key area for this success is the research being done in molecular marine biology and marine biotechnology. These are research fields of general biological interest and where Japan is a leading nation today. We will highlight and discuss this later today in the marine biotechnology seminar. A comprehensive study tour will be arranged in Japan for a Norwegian delegation this week, with the aim to establish closer contacts in the fields of marine biotechnology.»

(Se også Forskning nr. 3/01)

Red.

Skriv ut siden