Bladet Forskning

Meir danning i Bergen

Kva ved mennesket er biologisk, og kva heng saman med kultur? Dette er eit spørsmål som skal heve danningsnivået blant studentar ved Universitetet i Bergen denne våren.

Skrevet av: siw ellen jakobsen

DANNING: Danningsutvalet – her ved Anders Lindseth (f.v.), Odd Einar Dørum, Inga Bostad, Lars Løvlie og Bernt Hagtvet – har fått i gang ein debatt om korleis ein kan få inn danningsperspektivet i høgare utdanning. Dei tre andre medlemmane i utvalet har vore Terje André Arnøy, Berit Rokne og Roger Strand. (Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen)

Som det første i Noreg har Universitetet i Bergen (UiB) starta opp såkalla danningstema. UiB har til formål å utvikle studentane si evne til å debattere og tenkje kritisk.

– Heile prosjektet er bygd opp rundt ideen om den informerte borgaren. Vi ønskjer å trene opp studentane til å ta på seg borgaransvar gjennom å tenkje kritisk og sjølvstendig rundt konkrete samfunnsspørsmål. Vi har invitert inn engasjerte forelesarar for å diskutere nokre overordna spørsmål. Ved å trekkje inn ulike fagtradisjonar får vi avdekt forskjellar og samsvar i oppfatningar og eventuelle reelle usemjer, seier forskar Kristine Bærøe, som har ansvar for å sy saman temapakkane.

Vi vil rive ned fordommar.

Ho fortel at interessa for desse temaa har vore gledeleg, både blant studentar og tilsette.

Rive ned fordommar

Det er det tverrfaglege som skal bere danninga i Bergen. Studentar frå ulike fakultet skal jobbe saman. Dei får også møte forelesarar og forskarar frå ulike fagfelt.

– Vi vil rive ned fordommar og fremje forståing mellom studentar frå dei forskjellige kulturane ved universitetet. Vi håper sjølvsagt også at det blir knytt kontaktar mellom studentane frå dei forskjellige fakulteta, seier Bærøe.

Inspirert av danningsutvalet

I danningsutvalet si innstilling Kunnskap og dannelse foran et nytt århundre heiter det at utdanningssektoren har vorte meir spesialisert dei siste åra. Dette har ført til at danningsperspektivet ved utdanningane har vorte svekt.

Vi ønskjer å trene opp studentane til å ta på seg borgaransvar.

UiBs viserektor, Berit Rokne, og Roger Strand, instituttleiar ved Senter for vitskapsteori, sat begge i utvalet. Dei vart inspirerte til å gjere noko ved sitt eige universitet og tok initiativet til desse temapakkane.

Meir utfordrande, meir moro

Ingvild S. Gilhus, professor i religionshistorie ved UiB, er ei av dei mange som har sagt eit klingande ja til spørsmålet om å forelese. Ho gler seg.

– Eg skal snakke om skiljet mellom natur og kultur, mellom kropp og sjel. Eg trur kanskje det blir meir utfordrande, men også meir spennande å forelese for studentar frå andre fagtradisjonar som stiller andre typar spørsmål. Mi erfaring med tverrfagleg arbeid er at det er både morosamt og positivt. Eg ser derfor med glede på denne satsinga. Så vil erfaringane vise om dette bør innførast som ei permanent ordning ved universitetet.

Til nynorsk ved Aud Søyland

Danningsprosjektet i Bergen

Danningsprosjektet i Bergen er eit prøveprosjekt for å setje sterkare søkjelys på danning alt på bachelornivå. Denne våren er temaa «Mennesket: Natur og kultur» og «Global helse: Etikk, politikk og menneskerettar». I haustsemesteret er det «Klima: Kva veit vi, og kva bør vi gjere?» og «Dei ulike kulturane ved universitetet» som er tema.

www.uib.no

 

Skriv ut siden