Bladet Forskning

Friskt frå forskingsfronten

Bladet Forskning, utgitt av det nye Norges forskningsråd, flyt no gratis og regelmessig inn i posthylla mi. Eg seier takk og pris.

Skrevet av: sjur didrik flåm

Første nummer var overmåte givande, særskilt eit intervju som tok til slik:

– Hvilke forventninger har du til (det nye) rådet?

– Jeg har store forventninger. Norge har fått til mye nyskaping og har fått internasjonal oppmerksomhet. Vi bør fortsette og stimulere til kreativitet i næringslivet og forskningsmiljøene, og sørge for å skape innsikt om..., osv.

Å tilby lesaren mykje på dette nivået må vera vanskeleg. Men sanneleg, Forskning nr. 2 innfrir - ja, overgår – dei forventningar første utgåve skapte. Best likar eg oppslaget "Alle var der..." om feiringa av Forskningens dag 20. oktober 1993 i Oslo Konserthus. Den som ikkje vart beden dit, og den som mislikar mykje tekst, får i staden ein glitrande fotomontasje. Til dømes blir eit gruppebilete forklart med at "Adm.direktør Anders Farestveit, tidligere NTNF-direktør Rolf Skår og SINTEF-sjef Thor O. Olsen fant hverandre." Under eit anna bilete står det at "Lars Walløe og Tove Strand Gerhardsen, henholdsvis områdestyreleder og direktør for Miljø og utvikling, drøftet kanskje budsjettet?" Vidare får vi vita at "Spennvidden i de uformelle samtalene etter at det offisielle programmet var over, var meget stor." Alt saman, og mykje meir, i bladet Forskning.

Som ein skjønar, eg er oppglødd over dette bladet. Framfor alt, det overraskar. For f.eks. fortel nr. 2 om den kjende A.-L. Hilmen, at "selv om Anne-Lise står midt i en travel yrkeskarriere, blir det også tid til annet enn jobb og politikk. Hun tar seg ofte en joggetur. Men i motsetning til mange andre joggere, er hun en glad jogger, og ikke en som løper med tunga rett ut av munnen og ikke tenker på annet enn klokka. Om sommeren stortrives hun i båten mellom holmer og skjær i Oslofjorden. Og i blant kan det være godt å slå seg ned i en stol med en god bok i fanget."

Med slike innlegg er det gledeleg at bladet snart skal få ein engelsk-språkleg variant, eit "internasjonalt medium" som informasjonsdirektør Alme i Norges forskningsråd kallar det. Mange utlendingar hungrar sikkert etter ein slik variant. Den vil nå ut med innsikt av typen: "Kollektivtrafikkantenes store drøm er en sitteplass på en buss som ikke er forsinket." (Ein passasjerdraum i følgje forskarane Ingunn Stangeby og Bård Norheim i Forskning 2/93.)

Men uansett lesarkrets, norsk eller utanlandsk, så er bladet på rett spor. Ein typisk lesar – ein forskar eller annan interessert person – kan nemleg ikkje få nok av informasjonsdirektørar. Og utan tvil: Einkvar journalist fenger betre enn forskaren sjølv. Dessutan har redaksjonen forstått at lesaren stadig treng hjelp. Ein god illustrasjon på dette finnes i artikkelen der "Audun (21) fikk møte sitt forskerbilde Thor (81). "Når Audun (21) seier at forskinga til Thor (81) synes å vera like mykje livsstil som arbeid, blir lesaren naturlegvis i tvil om kva tonefall Audun (21) har nytta og kva Thor (81) tenkjer. Men her grip journalisten forløysande inn med opplysning om at "Sjenansen har byttet plass med ekte nysgjerrighet, og Heyerdahl skjønner at han snakker med en oppvakt og interessert ung mann."

Utanom desse kvalitetane har bladet Forskning eit uvanleg sterkt særpreg. Maken finnes ikkje i noko utland. Ein har her lukkas i å fanga inn den skjøre stemninga som oppstår, særskilt i hovudstaden, under rikeleg ressurstilgang, knappe kunnskapar og provinsiell standard.

Skriv ut siden