Bladet Forskning

Forskingsrådet og grunnforskinga

Skrevet av: ole d. mjøs

I "Forskning" nr. 2/1994 hadde forskingsdirektør Hans Skoie ein kommentar (med tittelen "Forskningsrådet og grunnforskningen") til eit intervju med meg om forskingspolitiske spørsmål i "Forskning" nr. 2/1993. I dette intervjuet uttalte eg at eg var bekymra for grunnforskingas finansielle situasjon og uttalte i samband med dette: "I forutsetningene bak samlingen til ett forskningsråd, ligger det at grunnforskningen får minst like gode kår som før". Dette kommenterer Skoie slik: "Jeg er ikke et øyeblikk i tvil om at Mjøs og en rekke andre av fusjonstilhengerne ved universitetene både håpet og trodde at så ville være tilfelle etter storfusjonen. Det var trolig for dem også en avgjørende premiss for støtten til Grøholt-forslaget. Men når i prosessen gav myndighetene noe som ligner en garanti av denne art? Jeg kan ikke huske at det har skjedd".

Skoie stiller eit godt spørsmål. Kanskje ville det beste svaret vera å ikkje svara. Men eg skal likevel freista å gi ein kommentar. Eg viser til Innst. S.nr. 231 frå kyrkje- og undervisningskomiteen om eit godt råd for forsking. Om endringar i forskingsrådstrukturen (St.meld. nr. 43), side 9, spalte 2: "Fleitalet i komiteen (alle unnateke Framstegspartiet) ser det som eit overordna mål for omorganiseringa at forskingsrådsstrukturen skal leggje grunnlaget for ein meir kvalitets- og resultatorientert forskingspolitikk i Noreg. Eit viktig element i ein slik politikk er at grunnforskinga si stilling blir styrka, ikkje minst fordi god grunnforsking er ein føresetnad for god bruksforsking. Grunnforskinga må setje seg mål om – og få vilkår til – å gjere seg gjeldande på internasjonalt nivå". I same innstilling står det på side 10, spalte 1: "Fleirtalet peikar samstundes på at det òg må vere ei særs viktig oppgåve å styrke grunnforskinga ved universiteta og dei vitskaplege høgskulane".

Sterkare kan det ikkje seiast! Stortingsfleirtalet har understreka at omorganiseringa av forskingsrådssystemet skal styrka grunnforskinga. Vi må bruka desse utsegnene fra komiteen for det dei er verd. Vi må konfrontera myndigheitene med at slike utsegner forpliktar til handling slik at grunnforskinga får minst like gode kår som før. Skoie spør meg til slutt: "Så hvilken "forutsetning" er det jeg har oversett?" Svaret mitt er dei klåre utsegnene frå Stortinget om at grunnforskinga skal styrkast gjennom omorganiseringa av forskingsrådssystemet.

Ole D. Mjøs er rektor ved Universitetet i Tromsø.

Skriv ut siden