Bladet Forskning

Fem om registerdata i forsking

Noreg har kanskje verdas beste registerdata. Kvifor er det så få forskarar som nyttar denne forskingsinfrastrukturen?

Skrevet av: therese farstad

Marianne Nordli Hansen, professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo

MARIANNE NORDLI HANSEN (Foto: MAI ASBJØRNSEN)

Eg har nytta registerdata i om lag 20 år. Mitt inntrykk er at stadig fleire forskarar no nyttar slike data. I den grad dei ikkje blir nytta, har det nok å gjere med både forskingstema og investeringar: Dei eignar seg ikkje til alle tema. Å nytte dei krev langsiktig innsats og investering. Kompleksiteten og datamengda har auka kraftig. Viljen og moglegheitene til å foreta slike investeringar varierer mellom forskarar og institusjonar.

Olav Ljones, assisterande direktør i Statistisk sentralbyrå

OLAV LJONES (Foto: SSB)

Noreg har svært gode registerdata. Eg trur ikkje at den «vedtekne sanninga» at det er få forskarar som nyttar denne infrastrukturen, stemmer heilt med verkelegheita. Mange forskarar lagar god forsking basert på registerdata. Statistisk sentralbyrå arbeider for tida aktivt med å leggje registerdata enda betre til rette for forskarar – på ein slik måte at personvernet framleis blir sikra.

Nina Sandberg, forskingsleiar studium av grunnopplæring ved NIFU STEP

NINA SANDBERG (Foto: NIFU STEP)

Som forskarar innafor feltet grunnopplæring nyttar kollegaene mine og eg registerdata jamleg og ofte, særleg i studium av gjennomføring og fråfall i den vidaregåande opplæringa. Vi har i tillegg bidrege til å forbetre Statistisk sentralbyrå sine register. Eg kjenner ikkje att biletet av norske forskarar som utan evne til eller interesse for å nyttiggjere seg slike data. Det avgjerande for meg er om problemstillingane kan svarast på ved bruk av registerdata.

Tom Rådahl, assisterande departementsråd i Arbeidsdepartementet

TOM RÅDAHL (Foto: EVA BRÆNd)

Det blir forska mykje på registerdata i Noreg, men det unike tilfanget gir store moglegheiter til meir omfattande analysar, som i neste omgang kan gi oss auka empirisk innsikt om det norske samfunnet. Få norske samfunnsvitskaplege miljø har tradisjon for og tilstrekkeleg kompetanse på registerbaserte analysar, og undervisninga i kvantitative metodar bør bli betre. Oppdragsgivarar kan stille krav om denne typen analyse i samfunnsvitskaplege prosjekt. Målet må vidare vere å finne fram til ordningar som gir forskarane meir rom til å drive analyse, snarare enn å bruke tid på langdryge søknadsprosessar mv.

Solveig Osborg Ose, seniorforskar helsetenesteforsking i SINTEF Teknologi og samfunn

SOLVEIG OSBORG OSE (Foto: SINTEF)

Sjølvsagt kan ein nytte registerdata på ein betre måte enn i dag, men terskelen for å gå i gang med slike analysar er relativt høg. Det krev sterk metodekunnskap og erfaring både i høve til samanstilling, bearbeiding og modellering. Dette krev igjen betydelege investeringskostnadar. Analysar av registerdata har eit enormt potensial på tvers av fagdisiplinane, og eg trur at ei sterkare reelltverrfagleg tilnærming kan gi både betre analysar og betre utnytting av datagrunnlaget.

Skriv ut siden