Elektronisk bodbok
Prosjektet "Elektronisk budbok" har fått midlar frå forskingsprogrammet Puls. Pengane er brukte til å utvikle den nye "eBudboken", som alt har vorte ein suksess.
Alle som ein gong har gått med avisa, kjenner bodboka. Ei plastmappe med masse små papirlappar der trykte og handskrivne beskjedar om adresser, nye og gamle abonnentar og ikkje minst ferieavbestillingar flyt om kvarandre. Langt frå enkelt å halde orden på, spesielt om fleire bod deler på avisruta og bodboka.
Firmaet Distribution Innovation AS, som Aftenposten og Orkla eig, fekk for tre år sidan halvannan million kroner over to år frå Pulsprogrammet for å sjå om det var mogleg å bruke ny teknologi til å gjere noko dramatisk med den tenesteytinga avisboda utfører. Ei haldningsundersøking blant boda i forkant av prosjektet lova ikkje godt: Personar som jobbar som avisbod, er oppsiktsvekkjande konservative i forhold til ny teknologi, meir enn halvparten hadde ikkje mobiltelefon.
Men boda sjølv såg raskt moglegheitene. eBodboka gir oversikt over adressene til abonnentane i riktig leveringsrekkjefølgje, kva for produkt kvar enkelt abonnent skal ha, og meldingar om etterleveringar, klager og kontaktinformasjon viss det skulle oppstå problem. Oppdatering av den gamle papirbodboka kunne ta mykje tid, i ferietida kan det vere fleire hundre endringar kvar veke. Med eBodboka tek det heile kanskje eitt minutt.
eBodboka er basert på ein såkalla pda, ein handhalden PC. Den fortel kvar noko skal leverast, når det skal leverast, og om det er for eksempel Aftenposten, Vårt Land, Tønsberg Blad eller Klassekampen som skal ned i postkassa. eBodboka set boda i stand til også å handtere andre produkt.
Slik blir det skapt konkurranse i ein marknad som er verd tre milliardar kroner i året, og der Posten til no har hatt nesten monopol på tenesteytinga og hausta mykje kritikk for høge prisar og dårleg service.
I pda-en skal det etter kvart også kome alarmmoglegheit som skaper auka sikkerheit for boda, og GPS-navigasjon som kan fortelje kvar bodet er.