Illustrasjonsbilde åpen digital kafé
Kurs

MSCA Doctoral Networks (DN) – webinar om 2024-utlysningen

Passer for:

Forskarar og EU-rådgivarar

Digitalt:

Arrangementet strømmes

13. jun. kl. 10.00–11.45

Om arrangementet

MSCA Doctoral Networks (DN) er ei ettertrakta ordning som finansierer doktorgradsstipendiatar frå heile verda i europeiske forskarutdanningsnettverk. Nettverka, eller prosjekta, varar i fire til fem år, og kan finansiere 15 ph.d.-studentar i inntil tre år.

DN finn du i tre variantar: European Standard Networks, European Joint Doctorates (fellesgradar) og European Industrial Doctorates (nærings/offentleg-ph.d.).

MSCA DN er open for alle fagfelt og har ingen tematiske prioriteringar. Dette er med på å gjere dei svært ettertrakta, og difor er konkurransen hard. Av den grunn tilrår vi komande deltakarar/rettleiarar i Doctoral Networks om å delta i dette webinaret. Det gjer at du aukar sjansen for at nettopp ditt DN får finansiering. 

Utlysinga for 2024 opnar 29. mai, og har søknadsfrist 27. november 2024. 

I webinaret får du ei innføring i krav til søknaden og vi går gjennom dei ulike evalueringskriteria. Vi har og med ein forskar som fekk finansiering for eit par år sidan som fortel om sine erfaringar.  

All informasjon om utlysinga finn du på Funding & Tenders Portal når utlysinga opnar.

Webinaret blir halde på engelsk.  

Program

Kontakt

Per Magnus Kommandantvold

    Banebrytende forskning

Berit Sundby Avset

    Banebrytende forskning

Meldinger ved utskriftstidspunkt 17. juni 2024, kl. 09.14 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.